Árja (Innsatsvilje) er eit norsk samisk politisk parti stifta i 2008 som fyrste gong stilte til val ved Sametingsvalet i 2009. Partileiar er Láilá Susanne Vars.

Partiet stilte liste i fem av dei sju valkrinsane ved valet, og fekk inn til saman tre representantar. I den største valkrinsen etter talet stemmeføre, Ávjovárri valkrins som femner Kautokeino, Karasjok og Porsanger kommunar, var det Árja som fekk flest stemmer og dei fekk inn to kandidatar frå krinsen.Marit Elin Kemi: «Størst i den største kretsen» på nettstaden til NRK Sámi Radio. Publisert 15. september 2009 Partiet fekk også inn ein kandidat frå Nordre valkrins.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Valprogrammet til Árja til Sametingsvalet i 2009

Kategori:Norske politiske parti Kategori:Samisk politikk Kategori:Skipingar i 2008