mini|upright|Forfattaren og kvinnesaksforkjemparen Lily Braun. mini|upright|Mannekengen Lily Donaldson.

Lilly, Lily, Lillie og Lili er kvinnenamn med ulike opphav. Lilly har namnedag den 16. september i Noreg og den 6. september i Sverige.

Namna kan vera kjæleformer av Elizabeth, kortnamn for Lilian eller visa til det engelske ordet for 'lilje', lily (tidlegare også lilly). I tydinga 'lilje' er det knytt til den kristne symbolikken med at blomen viser til reinskap.

Lilly og Lilley kan også vera slektsnamn. Namnet kan stamma frå gammalengelsk Linleia, 'rydding der ein dyrkar lin'.

Lill er eit liknande namn.

Bruk Lilly er eit vanleg namn i Sverige, der det blei innført frå Storbritannia på 1800-talet. Det var også mykje brukt på norske jentebarn først på 1900-talet.

Namneberarar Lillie Langtry (1853–1929), engelsk skodespelar Lily Braun (1865–1916), tysk sosialdemokratisk kvinnesakskvinne og forfattar, fødd Amalie von Kretschmann Lilly Bølviken (f. 1914), norsk jurist og første kvinnelege høgsterettsdommaren i Noreg Lilly Jakobson (f. 1926), svensk forfattar Lilly Andrassy Christiansen (f. 1965), norsk bildekunstnar Lily Rose Beatrice Allen (f. 1985), britisk musikar Lily Monica Donaldson (f. 1987), britisk modell og mannekeng Lily Cole (f. 1988), engelsk modell og skodespelar

Slektsnamn William Lilly (ca. 1468–1522), engelsk humanist. Charles Lilley (1827–97), australsk leiar og dommar John C. Lilly (1915–2001), amerikansk lege, psykoanalytikar og skribent Charles Lilly (f. 1952), USA-amerikansk kunstnar Evangeline Lilly (f. 1979), kanadisk skodespelar og modell

Anna Eli Lilly and Company er eit amerikansk farmasiselskap

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Lilly» frå , den 15. september 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Namn knytte til plantar Kategori:Kortnamn Kategori:Kjælenamn Kategori:Førenamn av engelsk opphav Kategori:Engelske førenamn Kategori:Engelske slektsnamn