Datong (eller Tatung) er ein kinesisk storby i provinsen Shanxi i det nordlege Kina. Folkemengda innan bygrensene er berekna til 3,1 millionar.
Datong er ein viktig industriby og eit jarnbaneknutepunkt i eit område rikt på kolførekomstar. Byen er sterkt industrialisert.
Tidlegare heitte byen Pingcheng, og var hovudstad i det nordlege Wei-kongedømet (400- og 500-talet). Kalksteinsgrotter ved det nærliggande Yungang har buddhistisk kunst frå same periode.
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Datong» frå , den 1. april 2005. Delar av denne artikkelen bygger på «Datong» frå , den 14. mars 2011.
Kategori:Byar i Shanxi