Guangxi, offisielt Den autonome regionen Guangxi Zhuang, er ein autonom region i Folkerepublikken Kina. Før 1949 var han ein provins.

Regionen grensar mot Yunnan i vest, Guizhou i nord, Hunan i nordaust og Guangdong i aust og søraust. Han har også ei riksgrense mot Vietnam i sørvest (Hà Giang, Cao Bằng, Lạng Sơn og Quảng Ninh-provinsen) og kyst mot Tonkinbukta i Sørkinahavet i sør.

Namn Namnet Guangxi (, også transkribert Kuang-hsi eller Kwangsi) er avleidd frå Guǎng () som tyder 'veldig område', og er blitt brukt om regionen sidan skipinga av Guang-prefekturet i år 226. Guangxi og naboprovinsen Guangdong har dei bokstavelege tydingane 'veldig område vest' og 'veldig område aust'.

Geografi Regionen har kystlinje langs Tonkinbukta. Dei viktigaste hamnebyane er mellom anna Fangchenggang, Qinzhou og Beihai.

Historie I det meste av historia si hadde Guangxi inga kystlinje. I 1952 vart ein liten del av den vestlegaste kystlinja til Guangdong gjeven til Guangxi, som slik fekk tilgjenge til havet. Dette vart gjort om i 1955, men så justert tilbake på nytt i 1965.

Folkesetnad Guangxi er heim til menneske frå 12 av dei nasjonalgruppene som er anerkjende av Folkerepublikken Kina som eigne folkegrupper. Regionen er eit særleg viktig område for zhuangfolket. Forutan dei har regionen folkegruppene han, yao, miao, dong, mulam, maonan, hui, gin, yifolk, sui og gelao. Det er og vesentleg mindre grupper frå 25 andre folkegrupper.

Administrative einingar mini|Karstfjell ved elva Li. Guangxi er inndelt i 14 byprefekturer:

Chongzuo Baise Beihai Fangchenggang Guigang Guilin (桂林市), Hechi Hezhou (贺州市), Laibin (来宾市), Liuzhou (柳州市), Nanning (南宁市), Qinzhou (钦州市), Wuzhou (梧州市), Yulin (玉林市).

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Guangxi» frå , den 11. september 2009. Delar av denne artikkelen bygger på «Guangxi» frå , den 7. oktober 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Autonome regionar i Kina