Beach Boys' Party! er eit album med av det amerikanske popbandet The Beach Boys som berre består av akustiske utgåver av andre sine songar. Albumet var det ellevte studioalbumet til bandet og det tredje dei gav ut i 1965. Sjølv om albumet vart spelt inn i eit studio, vart det marknadsført som ei innspeling frå ein fest.http://www.allmusic.com

I august, etter at Summer Days (and Summer Nights!!) kom ut, planla leiaren av The Beach Boys, Brian Wilson, det neste studioalbumet deira, som skulle verte Pet Sounds. Capitol Records kravde eit nytt album til jul. Sidan dei hadde gjeve ut eit konsertalbum året før, Beach Boys Concert. I tillegg hadde dei alt spelt inn eit julealbum og dei meinte at eit samlealbum ville signalisere at bandet var på hell. Dei valde derfor i staden for å gjere ein «live fest». Bandet og venene deira øvde no og då på andre sine songar i september 1965. Sjølv om albumet vart presentert som ei live-innspeling, vart alle songane nøye spelt inn og latter og bakgrunnsprat vart lagt på i ettertid.Leaf, David (1990) The Beach Boys' Party!/Stack-O-Tracks (1990 CD-hefte)

Albumet inneheld utgåver av The Beatles sine «Tell Me Why», «You've Got To Hide Your Love Away» og «I Should Have Known Better», The Everly Brothers sin «Devoted To You», Phil Spector sin «There's No Other (Like My Baby)», samt utgåver av deira eigne «I Get Around» og «Little Deuce Coupe». Beach Boys' Party! var meint som eit gøyalt album utan singlar, sidan Wilson gjorde klar «The Little Girl I Once Knew» samstundes med at albumet kom ut.

Det siste sporet på albumet, ei utgåve av The Regents sin «Barbara Ann», vart spelt ein del på radio rundt om i landet då albumet kom ut og fekk god respons hos lyttarane. Capitol gav derfor raskt ut songen på singel og han nådde andreplassen i USA tidleg i 1966.

Beach Boys' Party! nådde sjetteplass i USA (men selde aldri til gullplate) og singelen vart den største suksessen bandet hadde i Storbritannia med ein tredjeplass. Singelen var òg den første Beach Boys-songen som nådde toppen på singellista i Noreg.

Beach Boys' Party! finst i dag på CD i lag med Stack-O-Tracks og instrumentale bonusspor.

Innhald

Medverkande

The Beach Boys Al Jardine Mike Love Brian Wilson Carl Wilson Dennis Wilson

Andre musikarar Dean Torrence

Salslister Albums ÅrListePlassering1965Tyskland4 1966 UK Top 40 Album Chart3 1966 US Billboard 200 Albums Chart6

Singlar ÅrSingelListePlassering 1966 «Barbara Ann» US Billboard Hot 100 Singles Chart2 1966 «Barbara Ann» UK Top 40 Single Chart3 1966 «Barbara Ann» Tyskland2 1966 «Barbara Ann» Austerrike1 1966 «Barbara Ann» Nederland17 1966 «Barbara Ann» Belgia (Flandern)11 1966 «Barbara Ann» Belgia (Valonia)33 1966 «Barbara Ann» Noreg1

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Beach Boys' Party!» frå , den 30. august 2009. oppgav desse kjeldene: "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994. "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991. "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002. "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.

Bakgrunnsstoff Tekstar til Beach Boys' Party!

Kategori:The Beach Boys-album Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Capitol Records-album Kategori:Coveralbum Kategori:Musikkalbum produserte av Brian Wilson