mini|Ein hane og to høner. Høns eller tamhøns (Gallus gallus domesticus) er ein tamfugl i fasanfamilien. Høns blei domestisert frå den asiatiske jungelhøna for minst 5000 år sidan. Dei blir hovudsakleg haldne for egg og kjøt, men kan også vera til nytte, pryd og underhaldning. Høns finst i mange fargar og storleikar, og kan vera dekte av fjør eller dun. Dei lever i flokkar og er altetarar. Me skil mellom hohøns, høne, og hannhøns, hane. Unghøns er kjende som kyllingar. Kapun er ein kastrert unghane.

mini|Illustrasjon av ein jungelhane. Historie

Det er funne spor etter hønsebein frå rundt 6000-4000 f.Kr. i Yangshao og Peiligan i Kina, og frå rundt 3000-2000 f.Kr. i Harappa og Mohenjo-Daro i noverande Pakistan. Høns spreidde seg seinare til store delar av verda. Dei blei truleg haldne i Noreg før vikingtida.

Sjå òg Hønesortar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Høns» frå , den 26. august 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Husdyr Kategori:Fjørfe Kategori:Fasanfamilien