Wii Music er eit musikkspel utvikla og publisert av Nintendo på spelkonsollen Wii. Det vart gjeve ut i Japan og Nord-Amerika i oktober 2008, og i Australia og Europa månaden etter. Spelet lar spelaren spele på virtuelle instrument med å røre på Wii Remote.

Spelet skulle i utgangspunktet vera ein lanseringstittel for Wii, og vart synt fram som spelbar demo under Electronic Entertainment Expo, eller E3 2006. I 2008 avduka Nintendo spelet att ved E3 2008, og lanserte det i tide til julehandelen same året.

Kjelder

Kategori:Dataspel frå 2008 Kategori:Musikkdataspel Kategori:Wii-spel