Wii Sports Resort er eit idrettsspel utvikla og produsert av Nintendo som ein oppfølgjar til Wii Sports. Det vart gjeve ut i Japan i juni 2009, og i Australia, Europa og Nord-Amerika i juli 2009. Spelet krev Wii MotionPlus for å kunne bli spelt.
Oppsett Wii Sports Resort finn stad på ei tropisk øy; Wuhu, som også er representert i Wii Fit, der tolv ymse sportar er tilgjengelege for ein å spela. I likskap med føregangaren er alle sportane spelte ved å bruka Wii-fjernkontrollen, og eventuelt nunchuken, til å etterlikna rørsler som blir gjorde i ekte sport. I sporten der ein skal skyta med pil og boge må ein til dømes halda Wii-fjernkontrollen loddrett for å halda bogen og sikte, medan Nunchucken kan bli trekt bakover for å trekkja bogestrengen i den retninga. Nyheita i Wii Sports Resort er støtte for Wii MotionPlus. Dette gjev såkalla 1:1-kontroll, som lèt ein kontrollera spela med meir presisjon enn tidlegare.Wii Sports Resort nintendo.no
Wii MotionPlus trengst for alle Wii-fjernkontrollane som blir nytta til å spela Wii Sports Resort. Dei fleste sportane i spelet som støttar 3 eller 4 spelarar lèt ein enkelt Wii-fjernkontroll bli delt mellom spelarane etter tur. Unntaket er kanopadling, der alle fire spelarane trengjer kvar sin kontrollar for å spela.
Kjelder
Kategori:Dataspel frå 2009 Kategori:Idrettsspel Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel Kategori:Wii-spel