Oppheim kyrkje, tidlegare Uppheim kyrkje, står på Nedre Oppheim på nordvestsida av Oppheimsvatnet i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1871. Arkitekt for bygget var byggmeister Ole Vangberg, som også stod bak nabokyrkja Vinje kyrkje frå same året. John J. Alver var byggmeister for begge desse kyrkjene som vart reiste i Vossestrand prestegjeld i 1871, og Nils Bergslien måla altertavle til begge tidleg på 1900-talet.

Teikningane til både Oppheim- og Vinje-kyrkja var baserte på dei laga til Bruvik kyrkje på Osterøy, som igjen bygde på teikningane laga til Fusa kyrkje (1861-1959) av arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth. Ei anna systerkyrkje er Gjerstad kyrkje på Osterøy.

mini|venstre|Kyrkja og hotell på Oppheim fotografert på slutten av 1800-talet. Kyrkja er soknekyrkje i Oppheim sokn i Hardanger og Voss prosti.

Inventar Altertavla har kvinnene som kjem og finn Jesu grav tom som motiv, og er måla av Nils Bergslien i 1906.

Tidlegare kyrkjer på Oppheim Det har vore kyrkje på Oppheim sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Oppheimskyrkja nemnd i kjeldene er frå 1329. Det er bevard ei kyrkjeklokke som kan vere frå slutten av 1200-talet. Mellomalderkyrkja, som truleg var ei stavkyrkje, vart erstatta med ei lafta kyrkje på 1670-talet. 1600-talskyrkja vart riven etter at den noverande kyrkja stod ferdig i 1871. Desse to kyrkjene stod på Øvre Oppheim.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Oppheim sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen (Oppheim ligg i venstre skøyten av kartet, sjå òg kartetutsnittet til venstre] «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Om Oppheim kyrkje på nettstaden disnorge.no Nettstaden til DIS-Norge: Oversikt over gravminne på Oppheim kyrkjegard Skanna kyrkjebøker for Oppheim på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Voss Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Kulturminne i Voss