Norsk kulturråds ærespris vert årleg utdelt av Norsk kulturråd til ein person som har «gjort ein innsats av vesentleg tyding for norsk kunst- og kulturliv». Prisen vert tildelt, utan forutgåande nominasjon eller sakshandsaming, av rådsmedlemene («styret») i lukka møte. Det vert tradisjonelt ikkje gjeve noka grunngjeving for tildelinga.
Prisen består av eit pengebeløp (ifylgje nettsidene til Norsk kulturråd pålydande 500 000 kroner). I høve 30-årsjubiléet til Norsk kulturråd i desember 1994 vart det etablert ein ny praksis med ein ærespris-statuett; ei bronseløve formgjeven av bilethoggaren Elena Engelsen.
Prisvinnarar
1968 – Frits von der Lippe, den fyrste sjefen i Riksteateret 1969 – Hans Peter L'Orange, professor i klassisk arkeologi 1970 – Alf Prøysen, forfattar og artist 1971 – Alf Rolfsen, målar 1972 – Klaus Egge, komponist 1973 – Hans Heiberg, forfattar, dåverande leiar i Den norske Forfatterforening og sjef for NRK Radioteatret 1974 – Hans J. Henriksen, samisk språkforkjempar 1975 – Ingeborg Refling Hagen, forfattar og kulturarbeidar gjennom Suttung-rørsla 1976 – Sigbjørn Bernhoft Osa, folkemusikkutøvar og -formidlar 1977 – Ella Hval, skodespelar og organisasjonsleiar 1978 – Olav Dalgard, filmregissør og -kritikar 1979 – Harald Sæverud, komponist 1980 – Sonja Hagemann, barnelitteraturhistorikar 1981 – Erling Stordahl, handikapidrettspionér 1982 – Halldis Moren Vesaas, forfattar og kulturarbeidar 1983 – Sigmund Skard, professor og bakmann i nynorsk organisasjonsarbeid 1984 – Helge Sivertsen, tidlegare kyrkje- og undervisningsminister 1985 – Lars Brandstrup, gallerigründar 1986 – Helge Ingstad, forfattar, polarhistorikar, eventyrar 1987 – Nils Johan Rud, forfattar, mentor, redaktør av Arbeidermagasinet 1988 – Arne Skouen, filmregissør 1989 – Espen Skjønberg, skodespelar 1990 – Arne Nordheim, komponist 1991 – Synnøve Anker Aurdal, tekstilkunstnar 1992 – Iver Jåks, biletkunstnar 1993 – Erik Bye, journalist, forfattar, artist 1994 – Anne-Cath. Vestly, barnebokforfattar 1995 – Ole Henrik Moe, museumsdirektør, pianist 1996 – Arve Tellefsen, fiolinist 1997 – Liv Ullmann, skodespelar, regissør 1998 – Sverre Fehn, arkitekt 1999 – Finn Carling, forfattar 2000 – Anne Brown, songar 2001 – Kjartan Slettemark, biletkunstnar 2002 – Edith Roger, regissør 2003 – Jon Fosse, forfattar, dramatikar 2004 – Jan Garbarek, jazzsaksofonist, komponist 2005 – Agnes Buen Garnås, folkemusikar 2006 – Bruno Oldani, grafisk designer 2007 – Jon Eikemo, skodespelar 2008 – Solveig Kringlebotn, songar 2009 – Mari Boine, songar 2010 – Tor Åge Bringsværd, forfattar 2011 – Inger Sitter, biletkunstnar 2012 – Soon-Mi Chung og Stephan Barratt-Due, musikarar og musikkpedagogar 2013 – Anne Borg, ballettsjef 2014 – Jan Erik Vold, lyrikar, omsetjar, formidlar og samfunnsdebattant.Kulturradet.no, 25.09.14: Pressemelding: Kulturrådets ærespris til Jan Erik Vold. Vitja 23.12.14. 2015 – Skulpturlandskap NordlandSkulpturlandskap Nordland tildeles Kulturrådets ærespris 2015 ; kulturradet.no, 24. sept 2015 2016 – Forsvarets musikk 2017 – Miloud Guiderk, impresarioMiloud Guiderk får Kulturrådets ærespris 2017 ; kulturradet.no, 20.9.2017 2018 – Synnøve Persen, poet og biletkunstnarSynnøve Persen får Kulturrådets ærespris 2018 ; kulturradet.no, 01.10.2018 2019 – Therese Bjørneboe, forfattar 2020 – Cliff Moustache, dramatikar, regissør, kunstnarisk leiar ved Nordic Black Theatre 2021 – Karin Krog, jazzmusikar og -songar 2022 – Sørsamiske språkarbeidarar, representert ved museet Saemien Sijte 2023 – Elias Akselsen, musikar 2024 – Hans Ragnar Mathisen, biletkunstnar og kulturformidlar 2025 – Dissimilis, kulturorganisasjon for menneske med utviklingshemming 2026 – Deeyah Khan, dokumentarfilmskaper
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Norsk kulturråds ærespris» frå , den 25. juli 2009. Store Norske Leksikon om Norsk kulturråd Norsk kulturråd sine nettsider om prisen
Kategori:Norske kulturprisar Kategori:Skipingar i 1968