Prince Charles-øya (engelsk Prince Charles Island) er ei stor, låglendt øy i Canada. Ho har eit flatemål på 9 521 km². Største diameteren er 235 km. Øya ligg i Foxesjøen, ved vestkysten av Baffinøya. Ho høyrer til Qikiqtaalukregionen i Nunavutterritoriet. Øya er folketom og prega av låge temperaturar.

Trass i storleiken til øya vart ho ikkje registrert før enn i 1948. Det vart ho av flygaren Albert-Ernest Tomkinson frå det kanadiske luftforsvaret. Han var på tokt i eit fly av typen Avro Lancaster. Men det er rimeleg å tru lokale inuittar har kjent til øya i lange tider.

Øya fekk namn etter den britiske tronarvingen prins Charles av Wales, som vart fødd same året.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prince Charles Island» frå , den 21. juli 2009.

Kategori:Øyar i Nunavut Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Stader i Canada kalla opp etter britar