Snøhetta (2286 moh.) ligg i Dovre kommune og er det høgaste fjellet i Noreg utanom Jotunheimen og det 32. høgaste i landet. Det finst fleire ruter til toppen, dei tek omtrent fem timar og er så lette at ein òg kan ha barn med seg. Det er òg lett å nå Vesttoppen (2253 m), medan resten av massivet krev klatring. Traversen mellom hovudtoppen og Vesttoppen er ein klassisk klatretravers. DNT-hyttene Reinheim, Snøheim og Åmotdalshytta ligg på kvar si side av fjellet.

Fjellet har ein primærfaktor på 1675 meter, noko som er tredje størst i landet.

Sjå òg Høgaste fjell i Noreg Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor

Bakgrunnsstoff Skildring av Snøhetta Snøhetta

Kategori:Fjell i Dovre