Formentera er den minste og sørlegaste øya i Illes Pitiüses i Balearane i Spania. Ho er 19 km lang og ligg om lag 6 km sør for Ibiza i Middelhavet. Dei største landsabyane her er Sant Francesc Xavier, Sant Ferran de ses Roques, El Pilar de la Mola og La Savina.

Ein kan berre nå øya med båt frå Ibiza og ho er derfor den rolegare av dei to øyane. I nyare år har likevel turismen auka kraftig her òg. Øya er kjend for dei flotte strendene.

Nord for Formentera ligg den vesle øya Espalmador (Illa de s'Empalmador). Espalmador er skild frå Formentera av ein grunn sandbanke og ved fjøre sjø er det mogeleg å vasse mellom dei to øyane.

Formentera består av ein kommune, som òg heiter Formentera, og han hadde 7461 innbyggjarar i 2002. Øya har eit areal på 83,24 km².

Ein snakkar ein lokal diakelt av katalansk på Formentera.

Historie Namnet på øya er sagt å kome frå det latinske ordet frumentarium, som tyder «kornmagasin». Øya var busett av kartagenarar før romarane tok over. Dei neste hundre åra gjekk øya til vestgotarane, Austromarriket, vandalar og arabarar. Ho vart erobra av katalanarar og underlagt Aragon og i mellomalderen Kongedømet Mallorca.

Galleri

Bakgrunnsstoff

Byrådet Offisiell turistportal Det lokale styret Strender på Formentera

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Formentera» frå , den 16. juli 2009.

Kategori:Øyar i Balearane Kategori:Kommunar på Balearane