Sørsamisk valkrins, tidlegare kalla Sørsameområdet valkrins, (sørsamisk: Åarjel-Saepmie veeljemegievlie, bokmål: Sørsamisk valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg.Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no Krinsen vert også kalla valkrins 6. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var 1148 personar registrerte i manntalet i området.
Krinsen femner Nordlandskommunane frå og med Rana og Rødøy og sørover, alle kommunane i Trøndelag fylke, Surnadal og Sunndal kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke.
I 2017 vart det vald inn fire sametingsrepresentantar frå krinsen.Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene den 25.2.2019. Sametinget skal til saman ha 39 representantar.
Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.«Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget Sørsamisk valkrins er ved endringa av krinsordninga utvida med åtte kommunar mot sør, det gjeld Surnadal, Sunndal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke og Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Desse kommunane høyrde tidlegare til Sør-Noreg valkrins.Sametingsvalget 2009: «6. Åarjel-Saepmie veeljemegievlie/Sørsamisk valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen
Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Sørsamisk valkrins Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.
Arbeidarpartiet Framstegspartiet Høgre Norske Samers Riksforbund Senterpartiet Åarjel-Saemiej Gielh (Sørsamiske røyster)
Referansar
Bakgrunnsstoff FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa
Kategori:Hedmark fylke Kategori:Nordland fylke Kategori:Nord-Trøndelag fylke Kategori:Sør-Trøndelag fylke Kategori:Møre og Romsdal fylke Kategori:Sametingsval Kategori:Valkrinsar i Noreg Kategori:Emne knytte til sørsamar