Jon Jørundson Mannsåker () var ein norsk prest og stortingsrepresentant for Venstre.
Biografi
Mannsåker vart fødd i Odda. Han tok lærareksamen på Stord i 1901, fekk tittelen cand. theol. i 1911, praktisk teologisk eksamen og prestevigd i 1912. Same år vart han styrar av Hardanger Folkehøgskule. Denne stillinga beheldt han heilt fram til 1928, og kombinerte henne med å vera hjelpeprest i Ullensvang 1914 - 1928. I 1928 vart Mannsåker utnemnd til residerande kapellan på Voss og same året vald inn på Stortinget for Venstre. Han var Stortingsrepresentant for Venstre fram til 1933, då han slutta i stillinga for å verta residerande kapellan i Trefoldighets menighet i Oslo. Dette året vart Kristeleg Folkeparti skipa, fordi Venstre sitt nominasjonsmøte ikkje ville nominera Nils Lavik på den ledige stortingsplassen etter Mannsåker. I åra 1940 - 1950 var Mannsåker sokneprest i Trefoldighets menighet. I åra 1948 - 1952 representerte han Venstre i Oslo bystyre, og i perioden 1954 - 1957 var han varamann til Stortinget frå Oslo.
I 1963 fekk Mannsåker Kongens fortenestmedalje i gull for sitt livslange ungdoms- og fråhaldsarbeid.
Mannsåker var ein ihuga målmann, og var den første teologen som skreiv eksamensoppgåvene sine på nynorsk. Han var og den første presten i Oslo som tala og skreiv nynorsk.
Mannsåker var opptatt av musikk, og særleg kyrkjemusikk. I 1936 gav han ut ei ny norsk koralbok, saman med kantor A. Sandvold.
Mannsåker vart i 1912 gift med Anna Erika Stueland. Borna deira var evnerike. Dei fem borna som voks opp var politikaren Bergfrid Fjose, historikaren Dagfinn Mannsåker, omsetjaren Jørund Mannsåker, legen Vidar Mannsåker og presten Inge Mannsåker.
I dag står ein bautastein med ein byste av Jon Mannsåker på tunet til Hardanger Folkehøgskule på Lofthus.
Kjelder
Wikipedia på bokmål om Jon Mannsåker Store Norske Leksikon om Jon Mannsåker Store Norske Leksikon sin utdjupande artikkel om Bergfrid Fjose. Forfattar: Odd Sverre Hove. Jon Mannsåker på Stortinget.no Skanna kyrkjebøker med fødde og konfirmerte i Ullensvang, 1887 - 1939
Kategori:Folk frå Odda Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Målfolk