Raud-grøn eller raudgrøn er eit omgrep som vert brukt til å beskriva ein allianse mellom raude og grøne parti. I tillegg vert omgrepet brukt for å forklara fargekodinga til Sosialistisk Venstreparti.
I politikk er grøn ein symbolfarge for parti med ein sterk miljøprofil og for parti som definerer seg sjølv til sentrum i politikken. Raud er ein symbolfarge for parti på venstresida.
Dei raudgrøne er ei samlenemning som vert brukt om ein allianse og eit regjeringssamarbeid mellom tradisjonelt «raude» parti og parti med «grøn» sjølvforståing. Dette gjeld i Tyskland dei raude sosialdemokratane og det grøne miljøpartiet. I Noreg gjeld det regjeringssamarbeidet mellom dei tradisjonelt sosialist-«raude» partia Arbeidarpartiet og SV på den eine sida og det tradisjonelt «grøne» Senterpartiet på den andre, etter valet i 2005. Nemninga er òg bruka om den styrande koalisjonen i Trondheim bystyre (Arbeidarpartiet, SV, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne).
Ei anna tyding er det den politiske fargekodinga Sosialistisk Venstreparti brukar om seg sjølv, «raudt for rettferd og grønt for miljø», som det heiter i partiet sin eigenreklame. Med det meiner dei raudt som den tradisjonelle fargen for sosialistiske parti, og i nyare tid grønt som fargen for miljøvernforkjemparar. SV signaliserer med dette at dei ønskjer å vere begge delar, og uttrykket «grøne sosialistar» er også blitt bruka i partiet. Den nordiske samanslutninga SV er med i heiter da også Nordic Green Left Alliance.
Sjå òg Raud Grøn
Kjelder
Kategori:Grøn politikk