Hol er ein tidlegare kommune i Nordland fylke. I dag er han ein del av Vestvågøy kommune.
Frå 1837 var Hol ein del av Buksnes formannskapsdistrikt. 1. juli 1919 blei han frådelt som eigen kommune. Ved etableringa hadde Hol 2 272 innbyggjarar.
1. januar 1963 blei kommunen, saman med Buksnes, Borge og Valberg, slått saman til den nye Vestvågøy kommune. Ved samanslåinga hadde Hol 3 154 innbyggjarar.
Sjå òg Hol kommune i Buskerud
Kategori:Tidlegare kommunar i Nordland Kategori:Norske kommunar skipa i 1919 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1963 Kategori:Historie i Vestvågøy