Fyrst Nikolaj Sergejevitsj Trubetskojopphavleg russisk Николáй Сергéевич Трубецкóй, tysk Nikolai S. Trubetzkoy (), fødd i Moskva; død i Wien, var ein russisk lingvist og etnolog, og ein av grunnleggjarane av Lingvistkrinsen i Praha i 1929.

Biografi Trubetskoj høyrde til ein gamal russisk adelsfamilie. Far hans, fyrst Sergej Nikolajevitsj Trubetskojkyrillisk Сергéй Никола́евич Трубецкóй (1862-1905) var professor i filosofi ved Universitetet i Moskva og rektor same stad. Han byrja tidleg å arbeide med lingvistikk og etnologi. Den fyrste artikkelen hans blei utgjeven i 1905. Frå 1908 til 1913 studerte han ved Universitetet i Moskva og tok doktorgraden i 1913 med avhandlinga Om uttrykk for futurum i dei viktigaste indoeuropeiske språka. I 1916 habiliterte han seg i samanliknande språkvitskap og sanskrit. I 1917 reiste han til Kaukasus, der han blei overraska av oktoberrevolusjonen. I 1918 blei han professor i Rostov-ved-Donrussisk Росто́в-на-Дону́ Rostov-na-Donu, og i 1920 emigrerte han, av politiske grunnar, til Bulgaria, der han blei dosent i slavisk filologi ved Universitetet i Sofiabulgarsk Софийски университет Sofijski universitet. I 1922 blei han kalla til professor i slavisk filologi ved Universitetet i Wientysk Universität Wien. Han døydde i 1938, kort tid etter at Gestapo hadde forhøyrt han og teke frå han arkivet hans.

Vitskapleg tyding Trubetskoj sitt hovudbidrag til lingvistikken høyrer til fonologien, særleg i analysen av fonologiske system i einskildspråk og i arbeidet for å finne generelle og allmenne fonologiske lover. Hovudverket hans var Grundzüge der Phonologie, som kom ut posthumt i 1939.N. S. Trubetzkoy 1939. Grundzüge der Phonologie. (Cercle linguistique de Prague 7.) Prague : Le Cercle. Seinare opplag utgjevne av Vandenhoeck & Ruprecht, Göttingen. I Grundzüge utvikla Trubetskoj den mest avanserte og fullstendige strukturalistiske fonologiske teorien gjennom tidene. Det er ikkje alltid som lett å skilje synspunkta til Trubetskoj frå dei til venen hans, Roman Jakobson, som gjorde fonologien Lingvistkrinsen i Praha vidare kjend etter Trubetskojs for tidlege død.

Fotnotar

Kategori:Russiske språkforskarar