Moderne fuglar, vitskapleg namn Neornithes, utgjer ein underklasse av den biologiske klassen Aves som samlar alle nolevande fuglar, alle utdøydde fuglar i jorda si nytid og nokre fleire utdøydde sidegreiner i krittida. Dette taksonet vart introdusert for paleornitologien av Gadow i 1893, for å skilje moderne fuglar frå grupper som døydde ut i jorda si mellomtid.
Moderne fuglar skil seg frå alle takson av utdøydde fuglar ved at dei manglar tenner. Dei utdøydde artane, som til dømes Ichthyornis, hadde tenner.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Neornithes» frå , den 30. mai 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fuglar