Lotetunnelen er ein 2857 meter lang tunnel på Europaveg 39 i Stad kommune i Vestland. Tunnelen går mellom Nordfjordeid og Svoradalen vest for Lote. Arbeidet med tunnelen begynte i 1959, gjennomslaget kom i 1965, og tunnelen blei opna for trafikk i 1966. Lotetunnelen blei offisielt opna i 1968.

Det er krappe svingar i begge endane av tunnelen, og særleg inngangen til tunnelen på Lote-sida blir rekna som eit farleg punkt. Dessutan er tunnelen låg, fire meter, og området ved opninga på Lote-sida er rasfarleg.

Som i mange andre tunnelar i Noreg vert bilistane i Lotetunnelen noko plaga med kondens. Kondensen kan føre til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Sogn og Fjordane Fylkesarkiv: Lotetunnelen - bygd med heimelaga borerigg NRK Sogn og Fjordanes fylkesleksikon: Samferdsle i Eid Fjordabladet: Unikt om Lotetunnelen (8. desember 2006)

Kategori:Tunnelar i Vestland Kategori:Samferdsle i Stad Kategori:Tunnelar opna i 1966