Skodje kyrkje er ei langkyrkje med korte krossarmar i tettstaden Skodje i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1860 og er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var F. Meinhardt og byggmeistrar var Gjert Lien og Elias Tonning frå Nordfjord.

Kyrkja har 350 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Altertavla som står på alteret i kyrkja er frå 1883 og er ein kopi etter Adolph Tidemand. Ho viser Jesu oppstode. Tavla vart restaurert i 2007. Kyrkja har òg ei altertavle som er laga av Tavle-Jakob (Jacob Sørensen Giskegaard). Ho var laga til gamlekyrkja som vart bygd i 1750.

Tidlegare kyrkjer i Skodje Den fyrste Skodje-kyrkja ein finn nemnd i skriftlege kjelder skal ha vore bygd i 1424. Ho vert omtala i Aslak Bolts jordebok frå kring 1433. Denne kyrkja var i 1750 komen i så dårleg stand at dei måtte byggje ny kyrkje i Skodje og rive den gamle. Kyrkja som vart bygd var i lafta tømmer. Ho vart erstatta med den noverande kyrkja i 1860.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Om Skodje kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre» for Ørskog prestegjeld på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Nordre Sunnmøre prosti Kategori:Kyrkjer i Ålesund Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1860 Kategori:Tavle-Jakob Kategori:Kulturminne i Ålesund Kategori:Skodje