Ibsenprisen er ein pris til fremje av norsk dramatikk. Prisen vert administrert av Skien kommune, og har vore delt ut årleg sidan 1986.
Prisen kan delast ut årleg til ein norsk dramatikar som det siste året har fått oppført eit nytt verk for barn eller vaksne ved eit profesjonelt sceneteater, radioteater eller fjernsynsteater, eller for eit samla dramatisk forfattarskap. Prisen vert delt ut i Skien på fødedagen til Henrik Ibsen, 20. mars. Prisen er frå 2005 på 150 000 kroner som er stilt til disposisjon av Forsikringsselskapet Vital A/S og frå Skien kommune ein Ibsenstatuett laga av bilethoggaren Nina Sundby.
I juryen sit det 5 medlemmer, ein kvar frå desse organisasjonane: Kritikerlaget for teater, musikk og ballett Norsk Dramaturgforum Norsk Sceneintruktørforening Norsk Teaterleder-Forening Kunsthøgskolen i Oslo/Universitetet i Oslo Skien kommune v/ Teater Ibsen
Prisvinnarar 1986 - Arne Skouen for samla dramatisk forfattarskap. 1987 - Peder Wright Cappelen for Eufemianatten. 1988 - Odd Selmer for På egne ben. 1989 - Julian Garner for Svarte Okser. 1990 - Edvard Rønning for Himmelplaneten. 1991 - Marit Tusvik for Mugg. 1992 - Bjørg Vik for Møte i Venezia. 1993 - Norvald Tveit for samla dramatisk forfattarskap. 1994 - Eva Sevaldson for Framtida er avlyst. 1995 - Terje Nordby for Isblomst. 1996 - Jon Fosse for Namnet. 1997 - Jesper Halle for Dagenes lys. 1998 - Petter S. Rosenlund for En umulig gutt. 1999 - Cecilie Løveid for Østerrike og samla dramatisk forfattarskap. 2000 - Tor Åge Bringsværd for samla dramatisk forfattarskap. 2001 - Nina Valsø for Ubuden gjest. 2002 - Niels Fredrik Dahl for Som Torden. 2003 - Wetle Holtan for De som lever. 2004 - Per Schreiner for Den brysomme mannen. 2005 - Maria Tryti Vennerød for Dama i luka 2006 - Liv Heløe og Finn Iunker 2007 - Christopher Grøndahl for Tundra og Silent Winds of Blackpool 2008 - Edvard Hoem for Mikal Hetles siste ord 2009 - Christopher Nielsen for Verdiløse menn 2010 - Kate Pendry for Erasmus Tyrannus Rex 2011 - Lennart Lidström for Pingviner i Sahara 2012 - Fredrik Brattberg for TilbakekomsteneNrk.no, 11.09.12: Fredrik Brattberg vant Ibsenprisen 2013 - Arne Lygre for Jeg forsvinner 2014 – Johan Harstad for Osv. 2015 – Cecilie Løveid for Visning 2016 – Mette Edvardsen for We to be 2017 – Tore Vagn Lid, Cecilie Løveid og Nordahl Grieg for Vår ære/vår makt 2018 – Malmfrid Hovsveen Hallum for Solveigs 2. sang 2019 – Demian Vitanza for Tyngde 2020 – Lisa Charlotte Baudouin Lie for sceneteksten Mare. 2021 – Jon Fosse for Slik var det. 2022 – Demian Vitanza for Nå. 2023 – Monica Isakstuen for Dette er ikke oss.
Fotnotar
Kategori:Oppkallingar etter Henrik Ibsen Kategori:Norske litteraturprisar Kategori:Norske teaterprisar Kategori:Norske dramatikkprisar Kategori:Prisar og utmerkingar skipa i 1986 Kategori:Kultur i Skien