Urumea er ei elv i regionen Baskarland nord i Spania. Ho er ei av fleire relativt korte baskiske elvar som munnar ut Biscayabukta og er mest kjend for å renne gjennom byen San Sebastian. Ho er 59,4 km lang frå kjelda i kommunen Goizueta. Middeltemperaturen hennar er 13,5 °C og vassføringa varierer gjennom året, men er mindre enn andre elvar i Gipuzkoa.
Den nedre delen av elva har breie, flate breidder som høver godt for jordbruk og urban utvikling. Dette har ført til at det meste av nedslagsfeltet hennar er busett i Gipuzkoa, og inneheld over 200 000 innbyggjarar. Dei største byane ved elva er Hernani, Astigarraga og Donostia.
Vasskvaliteten i elva er forholdsvis god, trass i at kvaliteten vert noko dårlegare nær munningen ved byen Donostia. I seinare tid har styresmaktene gjort forsøk på å reinse vatnet, og resultatet har vorte særs bra. Derfor er fiskelivet i elva stabilt og inneheld i dag fem artar, laks, aure, ezkailu (Phoxinus phoxinus), smerling og ål.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Urumea» frå , den 11. mai 2009.
Kategori:Elvar i Spania