Schoolboys in Disgrace eller The Kinks Present Schoolboys in Disgrace er eit konseptalbum frå 1975 av The Kinks. Det vert rekna som det siste albumet i det musikkjournalistar kalla den «teatralske» perioden til gruppa, og det siste dei gav ut på RCA Records.

Soga er presentert på baksida av plateomslaget og omhandlar ein slem skuleelev som plaga lærarar og andre elevar på skulen. Ein dag går ha for langt og får straff av rektor føre heile skulen. Han veks då opp og blir ein bitter og hard gut. Hovudpersonen heite Mr. Flash, som var skurken i ei tidlegare Kinks-soge i rockeoperaen Preservation (gjeve ut som Preservation Act 1 og Preservation Act 2).

Plateomslaget vart illustrert av Mickey Finn frå T. Rex. Omslaget vart seinare med på ei liste i NME over dei 50 verste plateomslaga gjennom tidene.

Innhald

Medverkande The Kinks Ray Davies - vokal, gitar, piano Dave Davies - sologitar, vokal Mick Avory - trommer John Dalton - bassgitar John Gosling - klaverinstrument Andre medverkande John Beecham - trombone Alan Holmes - saksofon Nick Newell - tenorsaksofon Pamela Travis - korvokal Debbie Doss - korvokal Shirley Roden - korvokal Teknisk Roger Wake - lydteknikar Mastering av Bob Ludwig Mickey Finn - illustrasjon Chris Hopper - fotografi Pat Doyle - kunstnarisk leiar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schoolboys in Disgrace» frå , den 26. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:The Kinks-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Rockeoperaer Kategori:Album produserte av Ray Davies