«Apeman» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks. Han er skriven av Ray Davies og gjeven ut på albumet Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One. Songen vart gjeven ut som singel hausten 1970. Han nådde ikkje listene i USA, som føregangaren «Lola», hadde gjort, men vart ein stor hit i Storbritannia der han nådde femteplassen.
Songen omhandlar om at Davies er lei av den moderne verda og erklærer at han ønskjer «sail away to a distant shore og make like an apeman.» Han uttrykker òg korleis mennesket skapar problema våre og at om mennesket fekk sjansen så ville det forlate byane og leve i jungelen i staden. På mange måtar er songen eit samandrag av nostalgien som hadde vore til stades på albuma Lola vs. Powerman og The Village Green Preservation Society.
Ei tekstlinje i songen, «...the air pollution is fogging up my eyes...», skapte noko kontrovers fordi ordet «fogging» høyrest ut som «fucking».
Songen vart spelt av The Format i 2007.
Medverkande Ray Davies - akustisk gitar, solovokal Dave Davies - sologitar, korvokal John Dalton - bass, korvokal John Gosling - piano, orgel Mick Avory- trommer
Salslister Liste (1970)PlasseringSør-Afrika (Springbok Radio){http://www.rock.co.za/files/sa_charts_1969_1989_songs_(A-B).html|accessdate=9. april 2018}12
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Apeman (song)» frå , den 2. mai 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Reprise Records-singlar