Jesus (ca. 4 f.Kr.–30/33 e.Kr.), også kjend som Jesus frå Nasaret eller Jesus Kristus, var ein jødisk predikant og religiøs leiar. Han er den mest sentrale personen i kristendommen. Dei fleste kristne reknar han som inkarnasjonen av Sonen, og den venta Messias (Kristus) slik det var spådd i Det gamle testamentet.
Nærast alle moderne oldtidsforskarar er samde i at Jesus var ein reell historisk skikkelse, men det finst motrøyster. Innanfor forskinga på den historiske Jesus er det likevel stor usemje om den historiske truverda til evangelia og om i kor stor grad den bibelske Jesus speglar den historiske Jesus. Jesus var ein galileisk jøde som vart døypt av Johannes Døyparen. Han byrja ei eiga forkynnargjerning ved å tala til forsamlingar, og slik framføra bodskapen sin munnleg. Han vart ofte omtala som «rabbi». Jesus engasjerte seg i diskusjonar med jødar i samfunnet rundt seg om korleis ein best kunne følgja Gud, han søkte å lækja sjuke, underviste gjennom likningar og samla følgjarar. Han vart arrestert og dømd av dei jødiske styresmaktene, overført vidare til dei romerske myndigheitene og krossfesta på ordre av Pontius Pilatus, den romerske prefekten. Etter Jesu død trudde følgjarane hans på at han steig opp frå dei daude, og samfunnet dei danna vart til slutt den kristne kyrkja.
Jesu fødsel er feira årleg den 25. desember på helgedagen kjend som første juledag. Krossfestinga av han er markert på langfredag, og oppstoda hans er feira i påska. Den utbreidde årsteljinga «e.Kr.», den tilsvarande latinske nemninga anno Domini («Herrens år»), og det sekulære alternative «evt.» (for etter vår tidsrekning), er basert på Jesu omtrentlege fødselsdag.
Etter kristen tru vart Jesus unnfanga av Den heilage ande, fødd av ei jomfru ved namnet Maria, utførte fleire under, grunnla Kyrkja, døydde av krossfesting for å oppnå forsoning, stod opp frå dei daude og steig opp til Himmelen, som han vil venda attende frå. Dei fleste kristne trur at Jesus gjer det mogeleg for menneskja å forsonast til Gud. Den nikenske truvedkjenninga slår fast at Jesus vil dømma dei levande og dei daude anten før eller etter den kroppslege oppstoda deira, ei hending knytt til Jesu atterkome innan kristen eskatologi. Brorparten av kristne tilbed Jesus som inkarnasjonen av Sonen, den andre av dei tre personane i Treeininga. Nokre få kyrkjesamfunn avviser treeiningslæra heilt eller delvis, og meiner at ho ikkje er støtta i Skrifta.
Jesus er òg vørda utanom kristendommen. Innan islam er Jesus (ofte translitterert som Isa) rekna som ein av profetane og som Messias. Muslimar reknar Jesus som ein bodberar frå Gud, og trur at han vart fødd av ei jomfru, men ikkje som son av Gud. Koranen seier at Jesus sjølv aldri kalla seg guddommeleg. Dei fleste muslimar meiner at Jesus ikkje vart krossfesta, men vart fysisk løfta opp til Himmelen av Gud. Jødedommen derimot avviser trua på at Jesus var den venta Messias, og argumenterer for at han ikkje oppfylte dei messianske profetiane og korkje var guddommeleg eller gjenoppliva.
Etymologi mini|Mot klokka kan ein lesa den hebraiske, arameiske, greske, latinske og norske transkripsjonen av namnet Jesus
Ein gjengs jøde på Jesu tid hadde berre eitt namn, av og til supplert med eit patronymikon eller heimbyen til vedkomande. Derfor vert Jesus i Det nye testamentet omtala som «Jesus frå Nasaret» (). Jesu naboar i Nasaret omtalar han som «tømmermannen, son av Maria og bror til Jakob, Joses, Judas og Simon» (), «son til tømmermannen» (), eller «son av Josef» (). I Johannesevangeliet refererer disippelen Filip til han som «Jesus frå Nasaret, son av Josef» ().
Namnet Jesus er avleidd frå latinske Iesus, ein translitterasjon av det greske Ἰησοῦς, Iesous. Den greske forma er ei fortolking av det hebraiske ישוע, (Jeshua), ein variant av det tidlegare namnet יהושע, (Jehoshu'a), på norsk «Josva». Namnet Jeshua ser ut til å ha vore i bruk i Judea i tida rundt Jesu fødsel. Verka til historikaren Flavius Josefus frå det første hundreåret, forfatta på koinegresk – same språk som i Det nye testamentet, – refererer til minst tjue ulike personar ved namn «Jesus» (dvs. Ἰησοῦς). Etymologien til Jesus i kontekst av Det nye testamentet er generelt gjeve som «Jahve er frelse».
Sidan tidleg kristendom har kristne ofte referert til Jesus som «Jesus Kristus». Ordet «Kristus» er avleidd frå greske Χριστός (Khristos), som er ei omsetjing av det hebraiske משיח (Meshiakh), som tyder «den salva» og vanlegvis er translitterert til norsk som «Messias». Kristne omtalar Jesus som «Kristus» av di dei reknar han som Messias, som har framkomsten sin profetert i den hebraiske Bibelen og Det gamle testamentet. I post-bibelsk bruk vart Kristus rekna for å vera eit namn — éin del av «Jesus Kristus» — men opphavleg var det ein tittel. Nemninga «kristen» (som tyder «følgjar av Kristus») har vore i bruk sidan det første hundreåret.
Liv og lære i Det nye testamentet mini|upright=1.2|Gresk papyrus frå 200-talet av Lukasevangeliet.
Kanoniske evangelium Dei fire kanoniske evangelia (Matteus, Markus, Lukas og Johannes) er dei fremste kjeldene til Jesu liv og bodskap. Andre delar av Det nye testamentet inneheld òg tilvisingar til viktige delar av livet hans, som siste måltid i 1 Korintarbrev 11,23. Apostelgjerningane (Apg 10,37–38; Apg 19) refererer til Jesu tidlegare forkynnargjerning og forventninga hennar av døyparen Johannes. seier meir om Jesu himmelferd (også nemnd i 1 Timoteus 3,16) enn dei kanoniske evangelia gjer. I dei ubestridde paulinske breva, som vart forfatta før evangelia, er Jesu ord og instruksjonar sitert fleire gonger (1 Korintarbrev 7,10–11; 9,14; 11,23–25; 2 Korintarbrev 12,9).
Nokre tidlegkristne grupper hadde eigne skildringar av Jesu liv og lære som ikkje er å finna i Det nye testamentet. Dette inkluderer evangelia etter Thomas, Peter og Judas, i tillegg til Jakobs løynde bok og andre nytestamentlege apokryfar. Dei fleste forskarane konkluderer at desse vart forfatta mykje seinare og at dei er mindre truverdige enn dei kanoniske evangelia.
Dei kanoniske evangelia består av fire forteljingar, kvar skriven av ulike forfattarar. Evangelieforfattarane er alle anonyme, og vert etter tradisjonen skrivne til dei fire evangelistane, kvar med nære band til Jesus: Markus av Johannes Markus, ein tilknytt Peter; Matteus av ein av Jesu disiplar; Lukas av ein kompanjong av Paulus nemnd i eit par brev; og Johannes av ein annan av Jesu disiplar, den «elska disippel».
Eit viktig aspekt av evangeliestudiet er kva litterær sjanger dei utgjer. Sjanger er «ein nøkkelkonvensjon som styrer både komposisjonen og tolkinga av skriftene».Burridge, R. A. (2006). Gospels. In J. W. Rogerson & Judith M. Lieu (Eds) The Oxford Handbook of Biblical Studies. Oxford: Oxford University Press. s. 433 Om evangelieforfattarane hadde som mål å skriva romanar, myter, historier eller biografiar har enorm innverknad på korleis dei bør tolkast. Visse nylege studiar føreslår at evangeliesjangeren bør liggja innan sjangeren av oldtidsbiografiar.Talbert, C. H. (1977). What is a Gospel? The Genre of the Canonical Gospels. Philadelphia: Fortress Press.Wills, L. M. (1997). The Quest of the Historical Gospel: Mark, John and the Origins of the Gospel Genre. London: Routledge. s. 10.Burridge, R. A. (2004). What are the Gospels? A Comparison with Graeco-Roman Biography. rev. updated edn. Grand Rapids, Michigan: Eerdmans. Likevel ikkje utan kritikarar,e.g. Vines, M. E. (2002). The Problem of the Markan Genre: The Gospel of Mark and the Jewish Novel. Atlanta: Society of Biblical Literature. s. 161–62. er standpunktet at evangelia er ei form for oldtidsbiografi konsensus i dag blant forskarar.
Ikkje alt i dei nytestamentlege evangelia er rekna som historisk truverdig. Syn spenner frå at dei er ufeilbarlege skildringar av Jesu liv, til at dei gjev lite historisk informasjon om livet hans utanom det grunnleggjande. Ifølgje brei vitskapleg konsensus er dei synoptiske evangelia (Matteus, Markus og Lukas), og ikkje Johannes, dei mest truverdige kjeldene til informasjon om Jesus.
Ifølgje Markus-prioriteten var det første evangeliet til å forfattast Markusevangeliet (skrive 60–75 e.Kr.), etterfølgt av Matteusevangeliet (65–85 e.Kr.), Lukasevangeliet (65–95 e.Kr.), og Johannesevangeliet (75–100 e.Kr.). Vidare er mange forskarar samde i at forfattarane bak Matteus- og Lukasevangeliet brukte Markusevangeliet som kjelde til sine evangelium. Matteus og Lukas deler også innhald som ikkje er å finna i Markusevangeliet. For å forklara dette trur mange forskarar at i tillegg til Markusevangeliet vart ei anna kjelde (ofte kalla «Q-kjelda») brukt av dei to forfattarane.
Matteus-, Markus- og Lukasevangeliet er kjende som dei synoptiske evangelia, frå det greske σύν (syn, «saman») og ὄψις (opsis, «syn»). Dei er like i innhald, narrativt arrangement, språk og paragrafstruktur. Forskarar er generelt sett samde i at det er umogeleg å finna noko direkte litterært samband mellom dei synoptiske evangelia og Johannesevangeliet. Sjølv om rekkjefølgda til nokre hendingar (som Jesu dåp, forklaring, krossfesting og interaksjon med apostlane) er felles mellom dei synoptiske evangelia, opptrer hendingar som forklaringa ikkje i Johannesevangeliet, som òg står ut i andre saker, som Tempelreinsinga.
Jesus i dei synoptiske evangelia Jesus i Johannesevangeliet Byrjar med Jesu dåp eller jomfrufødsel. Byrjar med skapinga, utan fødselshistorie. Vert døypt av døyparen Johannes. Dåpen er rekna som ein føresetnad men ikkje nemnd. Lærar i likningar og aforismar. Undervisar med lange, komplekse resonnement. Lærer hovudsakleg om Guds rike, og lite om han sjølv. Lærer hovudsakleg og utfyllande om seg sjølv. Talar for dei fattige og undertrykte. Seier lite eller ingenting om dei fattige eller undertrykte. Driv med djevleutdriving.Driv ikkje med djevleutdriving. Deltek i éin påskefestival. Deltek i tre eller fire påskefestivalar. Tempelreinsinga går seint føre seg. Tempelreinginga går tidleg føre seg. Jesus innleier ei ny pakt med eit siste måltid. Jesus vaskar føtene til disiplane sine. Dei synoptiske evangelia vektlegg ulike delar av Jesus. I Markusevangeliet er Jesus son av Gud, som med det mektige virket sitt viser at Guds rike finst. Han er ein utrøytteleg mirakelarbeidar, tenar av både Gud og mennesket.Thompson, Frank Charles. The Thompson Chain-Reference Bible. Kirk bride Bible Co & Zondervan Bible Publishers. 1983. s. 1563–64. Dette evangeliet dokumenterer få av Jesu ord og lærer. Matteusevangeliet vektlegg at Jesus er oppfyllinga av Guds vilje slik det er openbert i Det gamle testamentet, og at han er herre av Kyrkja.May, Herbert G. and Bruce M. Metzger. The New Oxford Annotated Bible with the Apocrypha. 1977. "Matthew" s. 1171–12. Han er «son av David», ein «konge» og Messias. Lukas framstiller Jesus som den guddommeleg-menneskelege frelsaren som viser medkjensle til dei trengande.May, Herbert G. and Bruce M. Metzger. The New Oxford Annotated Bible with the Apocrypha. 1977. "Luke" s. 1240–85. Han er ven av syndarane og tollarane, komme for å oppsøkja og frelse dei tapte. Dette evangeliet inneheld Jesu mest elska likningar, som den gode samaritanen og den tapte sonen.
Føreordet til Johannesevangeliet identifiserer Jesus som inkarnasjonen av det guddommelege ordet (Logos).May, Herbert G. and Bruce M. Metzger. The New Oxford Annotated Bible with the Apocrypha. 1977. "John" s. 1286–318. Som Ordet var Jesus evig til stades med Gud, aktiv i all skaping, og kjelde til den moralske og åndelege naturen til menneskja. Jesus er ikkje berre større enn nokon tidlegare menneskeleg profet, men større enn nokon profet kunne vera. Han taler ikkje berre Guds Ord; han er Guds Ord. I Johannesevangeliet openberrar Jesus den guddommelege rolla si offentleg. Her er han Livets brød, Verdas lys, Den sanne vinranken, med meir.