«Dancing in the Street» er ein song frå 1964 først spelt inn av Martha and the Vandellas. Songen er ein signaturlåt for både Motown og bandet som spelte han inn.

Originalutgåva Songen vart produsert av William «Mickey» Stevenson og skriven av Stevenson og Marvin Gaye. Songen la vekt på at ein bør ha det kjekt uansett kva by lyttaren høyrer heime i. Songen vart skriven av Stevenson som viste ei første utgåve av teksten til Gaye som ein ballade. Gaye meinte at songen høyrdest dansbar ut. I lag med låtskrivaren Ivy Jo Hunter skreiv dei songen ferdig og han vart spelt inn på to forsøk.

Songen vart ein stor hit på dansegolvet og var ein føregangar for discorørsla i 1970-åra. Songen fekk likevel ein heilt annan meining då mange unge svarte demonstrantar utropte songen som ei hyllest til borgarrettar og eit ønske om samfunnsendringar. . Dette førte til at songen vart svartelista av enkelte radiostasjonar.

«Dancing in the Street» nådde andreplassen på den amerikanske singellista og vart så gjeven ut på det tredje albumet til gruppa, Dance Party i 1964. Songen nådde òg femteplass i Storbritannia, og fjerdeplass i 1969 då songen vart gjeven ut på ny.

I 2006 vart det annonsert at Martha and the Vandellas si utgåve av «Dancing in the Street» skulle vere ein av 50 lydinnspelingar som skulle bevarast ved Library of Congress til National Recording Registry.

Denne utgåva vart plassert på 40. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Jagger-Bowie-utgåva

Ei anna hitutgåve vart spelt inn av Mick Jagger og David Bowie som ein duo i 1985. Dette var ein del av Live Aid og den opphavlege planen var at dei skulle spele songen i lag direkte, Bowie på Wembley Stadium i England og Jagger på JFK Stadium i USA, før dei skjønte at forseinkinga via satellitt ville gjere det umogeleg, med mindre ein av dei mima framføringa, noko ingen av dei ønskte.

I staden valde dei å spelte inn «Dancing in the Street». I juni 1985 var Bowie oppteken med innspelinga av filmmusikk til Absolute Beginners i Abbey Road Studios, så Jagger måtte kom hit for å spele inn songen. Innspelinga varte berre fire timar, før dei reiste ut til London Docklands og filma ein musikkvideo regissert av David Mallet.

Videoen vart vist to gonger under Live Aid-konsertane. Like etter vart singelen gjeven ut, med alle inntekter til veldedige føremål. «Dancing in the Street» toppa den britiske singellista i fire veker, nådde sjuande plassen i USA og tredjeplassen i Noreg. Bowie og Jagger spelte songen i lag ein gong til, ved Prince's Trust-konserten i 1986. Dette var den siste britiske førsteplassen til Bowie og den einaste førsteplassen Jagger har hatt i heimlandet som soloartist.

Andre utgåver Nikki Webster, Van Halen, Dusty Springfield, The Mamas & The Papas, The Who, The Grateful Dead, The Kinks, Cilla Black, Myra, Atomic Kitten, Kids Incorporated, Girl Authority, Human Nature, Tim Curry, Neil Diamond og mange fleire.

Medverkande Martha and the Vandellas Vokal av Martha Reeves Korvokal av Betty Kelly, Rosalind Ashford og The Andantes Produsert av William «Mickey» Stevenson Instrumenterint av The Funk Brothers Marvin Gaye: trommer James Jamerson: bassgitar Jack Ashford: perkusjon Ivy Jo Hunter: perkusjon (kubein) Henry Cosby: saksofon Thomas "Beans" Bowles: saksofon Russ Conway: trompet Herbert Williams: trompet Paul Riser: trombone George Bohannon: trombone Robert White: gitar Eddie «Chank» Willis: gitar Joe Messina: gitar

Live Aid Produsert av Alan Winstanley og Clive Langer Vokal: David Bowie og Mick Jagger Gitar: Kevin Armstrong, G.E. Smith og Earl Slick Bass: Matthew Seligman og John Regan Trommer: Neil Conti Perkusjon: Pedro Ortiz og Jimmy Maclean Trompet: Mac Gollehon Saksofon: Stan Harrison og Lenny Pickett Keyboard: Steve Nieve Korvokal: Helena Springs og Tessa Niles

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dancing in the Street» frå , den 16. april 2009. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie (2000). Reynolds & Hearn Ltd. ISBN 1-903111-14-5.

Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:David Bowie-songar Kategori:The Kinks-songar Kategori:Mick Jagger-songar Kategori:The Mamas & the Papas-songar Kategori:Martha and the Vandellas-songar Kategori:Marvin Gaye-songar Kategori:Grateful Dead-songar 040 Kategori:Songar om dansing Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet Kategori:Little Richard-songar Kategori:Petula Clark-songar