Den engelske kyrkja (Church of England) er den offisielle kyrkja i England og grunnleggjande medlem i Porvoo-fellesskapet.
Den britiske monarken er overhovud for kyrkja, mens erkebiskopen av Canterbury er den geistlege leiaren.
Den engelske kyrkja reknar seg for å vere både reformert i den grad ho er påverka av lutherske prinsipp og ikkje godkjenner paveleg autoritet; og katolsk for så vidt ho reknar seg som ei ubroten vidareføring av den tidlege apostoliske og seinare mellomalderske kyrkja.
Den engelske kyrkja har ei lovgivande forsamling kalla Generalsynoden. Prinsipiell lovgjeving må likevel gå igjennom det britiske parlamentet. Kyrkja har også si eiga dømmande makt, dei ekklesiastiske domstolane, som utgjer ein del av det britiske rettssystemet.
I tillegg til England strekkjer arbeidsfeltet seg til øya Man og Kanaløyane.
Bispedømme Den engelske kyrkja har to bispedømme der overhyrden har tittelen erkebiskop, York og Canterbury. Desse vert omtalt offisielt som bispedømme og ikkje som erkebispedømme.
I tabellen nedanfor er det opplyst både når bispedømma vart oppretta og når dei vart reformerte (slutta å vere katolske bispedømme). Der kolonnen reformert er fylt ut med ein strek, dreier det seg om eit bispedømme oppretta etter reformasjonen. På grunn av gjeninnsettinga av katolske biskopar under Maria Tudor, er det i enkelte tilfelle oppgitt to årstal for reformasjonen.
BispedømmeOpprettaReformertSeteMerknaderBath and Wells9091569BathBirminghamBirminghamDet finst også eit katolsk Birmingham erkebispedømmeBlackburnBlackburnBradfordBradfordBristol1542–BristolKatolsk i perioden 1543–1558Canterbury5971533/1559CanterburyCarlisleCarlisleChelmsfordChelmsfordChester1541–ChesterKatolsk i perioden 1543–1558Chichester10821559ChichesterCoventryCoventryDerbyDerbyDurham6351559DurhamEly11091559ElyEuropa1980–LondonAnsvar for medlemmer busette i Europa utanfor StorbritanniaExeter909ExeterGloucester1541–GloucesterGuildfordGuildfordHereford6761535/1557HerefordLeicesterLeicesterLichfield656LichfieldLincoln6341547LincolnLiverpoolLiverpoolDet finst også eit katolsk Liverpool erkebispedømmeLondon6041559City of LondonManchesterManchesterNewcastleNewcastle upon TyneNorwich6401558NorwichOxfordOxfordPeterboroughPeterboroughPortsmouthPortsmouthRipon and LeedsLeedsRochester6041558RochesterSaint AlbansSt. AlbansSaint Edmundsbury and IpswichBury St. EdmundsSalisbury9091557SalisburySheffieldSheffieldSodor and ManDouglasSouthwarkSouthwarkDet finst også eit katolsk Southwark erkebispedømmeSouthwell and NottinghamSouthwellTruroTruroWakefieldWakefieldWinchester6351560WinchesterWorcester6801565WorcesterYork6311579York Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Den engelske kyrkja» frå , den 14. april 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Den anglikanske kyrkja Kategori:England