Ingelin Røssland () er ein norsk forfattar, journalist og omsetjar. Ho voks opp på Tysnes i Sunnhordland. I 2009 flytta ho til Sverige og bur på Lidingö utanfor Stockholm. Røssland debuterte som forfattar i 1998 med ungdomsromanen Viss du vil på Det Norske Samlaget. I 2001 og 2002 kom dei to romanane Kunsten å inhalera og Flyt.
Sentrale tema i hennar forfattarskap er å finne seg sjølv og sin plass i ei kaotisk verd. Vidare forhold til foreldre, venner, rus, sex og vald mot seg sjølv og andre. Dei fleste bøkene er utgitt på Det Norske Samlaget.
Ho har arbeidd som journalist i avisene Tysnes, Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis og i NRK.
Ho har motteke Sunnmørsprisen 2006 og UPrisen 2007 for boka Handgranateple, Sigmund Skard-stipendet 2007, Guro Sandsdalens litteraturpris for 2007 og Falturiltuprisen i 2011. Bøkene hennar er omsett til tysk, fransk, engelsk og færøysk.
I 2012 kom Kirsebærsnø, den fyrste vaksenromanen hennar.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
Omsetjingar
Referansar
Bakgrunnsstoff Presentasjon av Ingelin Røssland på nettstaden til Samlaget
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske ungdomsbokforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Folk frå Tysnes Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1998 Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Norske omsetjarar