mini|Jo Nesbø i 2007. Jo Nesbø () er ein norsk musikar og forfattar.
Jo Nesbø er fødd i Oslo, men voks opp i Molde. Han er utdanna siviløkonom og finansanalytikar frå Norges Handelshøyskole, og har arbeidd både som meklar og journalist i tillegg til å vera vokalist og songskrivar i rockegruppa Di Derre.
Nesbø var med då Molde Fotballklubb vann junior-NM i fotball i 1978. Han hadde og nokre kampar på A-laget til Molde for skade gjorde at han måtte slutte som fotballspelar.
I 1997 debuterte Nesbø som forfattar med boka Flaggermusmannen. Inspirert av ungdomsåra i Molde, der han gjekk på «Gymnaset», skreiv Nesbø manus og musikk til musikalen 90-metersbakken, som vart sett opp i Molde og turnerte i Møre og Romsdal fylke i 2004. Stykket vart òg sett opp ved Trøndelag Teater.
Plater Den derre – Di Derre (1993) Jenter & sånn – Di Derre (1994) Opphavleg utgjeven som Kvinner & Klær - 11 sanger om kvinner og èn om jakka mi Gym – Di Derre (1996) Slå meg på – Di Derre (1998) Karusellmusikk – solo (2001) di beste med di derre – Di Derre (2006)
Bøker Flaggermusmannen – kriminalroman (1997) Kakerlakkene – kriminalroman (1998) Stemmer fra Balkan/Atten dager i mai (med Espen Søbye) – dokumentar (1999) Rødstrupe – kriminalroman (2000) Karusellmusikk – noveller (2001) Sorgenfri – kriminalroman (2002) Marekors – kriminalroman (2003) Frelseren – kriminalroman (2005) Snømannen – kriminalroman (2007) Doktor Proktors prompepulver - Barnebok (2007) Hodejegerne – kriminalroman (2008) Doktor Proktors tidsbadekar Barnebok (2008) Panserhjerte – kriminalroman (2009) Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje - Barnebok (2010) Gjenferd - Kriminalroman (2011) Doktor Proktor og det store gullrøveriet - Barnebok (2012) Politi - Kriminalroman (2013) Sønnen - Kriminalroman (2014) Blod på snø - Kriminalroman (2015) Mere blod - Kriminalroman (2015) Kan Doktor Proktor redde jula? - Barnebok (2016) Tørst - Kriminalroman (2017) Macbeth - Kriminalroman (2018) Kniv - Kriminalroman (2019) Kongeriket - Kriminalroman (2020) Sjalusimannen og andre fortellinger - Kriminalroman (2021) Rotteøya og andre fortellinger - Kriminalroman (2021)
Prisar og utmerkingar Rivertonprisen 1997, for Flaggermusmannen Glassnøkkelen 1998, for Flaggermusmannen Bokhandlerprisen 2000, for Rødstrupe Mads Wiel Nygaards legat 2002 Tidenes beste norske krimroman, kåring i Nitimen 2004, for Rødstrupe Bokhandlarprisen 2007 for Snømannen Den norske leserprisen 2007 for Snømannen Den norske leserprisen 2008 for Hodejegerne
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Folk frå Molde Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:Vinnarar av Rivertonprisen Kategori:Norske finansanalytikarar Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen Kategori:Vinnarar av Glassnøkkelen