Arnold Luhaäär () var ein estisk vektløftar som deltok i dei olympiske leikane i 1928 i Amsterdam og i 1936 i Berlin.

Luhaäär vann ein olympisk sølvmedalje i vektløfting under OL i 1928 i Amsterdam. Han kom på andre plass i den tyngste klassen, tungvekt over 82,5 kg, som vart avvikla 29. juli 1928. Det var totalt fem vektklassar, det same som under dei to føregåande olympiske vektløftingskonkurransane i Antwerpen og Paris. Luhaäär løfta samanlagt 360,0 kg, det var 12,5 kg mindre enn gullvinnaren Josef Straßberger frå Tyskland. Det var 17 utøvarar frå 11 land som konkurrerte i tungvektklassen. Åtte år seinare, under OL i 1936 i Los Angeles kom han på tredje plass i vektløfting tungvekt, han løfta då samanlagt 400 kg.

OL-medaljar 1928 Amsterdam – Fil:Med 2.png Sølv i vektløfting, tungvekt 1936 Berlin – Fil:Med 3.png Bronse i vektløfting, tungvekt

Kategori:Estiske vektlyftarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Estland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Estland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1928 Kategori:Estiske deltakarar under sommar-OL 1928 Kategori:Vektlyftarar under sommar-OL 1928 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Estiske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Vektlyftarar under sommar-OL 1936 Kategori:Folk frå Viljandi maakond