«Power to All Our Friends» (Makt til alle venene våre) er ein song av Cliff Richard. Songen var Storbritannia sitt bidrag til Eurovision Song Contest 1973, der han kom på tredjeplass. «Power to All Our Friends» vart komponert av Guy Fletcher og Doug Flett, mens David McKay produserte han. Sjølv om låten ikkje vann Eurovision, vart han ein stor hit i Europa etter tevlinga. I Noreg toppa han VG-lista i heile åtte veker på rad.
Eurovision Song Contest Cliff Richard hadde tidlegare delteke i Eurovision Song Contest i 1968, då med Eurovision-klassikaren «Congratulations». Han kom då på andreplass, berre eitt poeng bak spanske Massiel og «La, la, la». Trass i andreplassen fekk Richard ein enorm salssuksess i heile Europa, og i Noreg toppa songen VG-lista i heile ni veker.
I 1973 fekk BBC Cliff Richard til å stille opp for Storbritannia i Eurovision Song Contest på nytt. Han presenterte seks songar i den britiske nasjonale finalen A Song For Europe laurdag 24. februar 1973. Tv-sjåarane avgjorde vinnarlåten ved å sende inn postkort, og den suverene vinnaren vart «Power to All Our Friends» med over røyster. På andreplass kom «Come Back Billie Jo», som vart teken med som B-side på singelen.
«Power to All Our Friends» vart dimed det britiske bidraget til Eurovision Song Contest i Luxembourg laurdag 7. april 1973. I finalen var Storbritannia det 15. landet ut på scena av 17 deltakarar. I avrøystinga låg Storbritannia lenge i føringa, med Spania og Luxembourg like bak. Til slutt enda «Power to All Our Friends» på tredjeplass med , «Eres tú» frå Spania vart nummer to med , mens «Tu te reconnaîtras» frå Luxembourg vann med . Dette var altså andre gongen det spanske bidraget slo Cliff Richard sitt bidrag i Eurovision Song Contest.
Kommersiell suksess Trass i tredjeplassen fekk «Power to All Our Friends» ein stor kommersiell suksess, og i Noreg vart den langt meir populær enn vinnaren. Låten gjekk rett inn på ein andreplass på VG-lista og gjekk til topps veka etter. Der vart songen liggjande heile åtte veker på rad. Dette er framleis ein av dei største Eurovision-suksessane i Noreg, målt ut frå antall fyrsteplassar på VG-lista. «Power to All Our Friends» toppa også listene i Danmark, Sverige og Nederland, og han nådde ein fjerdeplass heime i Storbritannia.
Listeplasseringar Liste (1973)Høgasteplassering111111, Flandern22234445710111531109
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Power to All Our Friends» frå , den 31. mars 2009. Denne artikkelen bygger på «Power to All Our Friends» frå , den 3. mai 2023.
Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1973-songar Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege songar