__NOTOC__
Loen kyrkje, òg kalla Lokyrkja, står i Loen i Stryn kommune i Vestland, og er ei tømra åttekantkyrkje frå 1838. mini|venstre|Loen kyrkje mini|venstre|Den gamle steinkrossen som står på kyrkjegarden. mini|høgre|Kyrkjegarden ved Loen kyrkje. Byggmeister for bygget var Elling WaldboeDette må vere ein feil, Elling Olsson Valbø døydde i 1831. Valbøe bygde Innvik kyrkje nokre år før. og noko arkitekt finst ikkje nemnd i samband med kyrkja. Kyrkjebygget er truleg inspirert av Innvik kyrkje oppført av eidsvollsmannen Elling Olsson Valbø.Tveit, 1988, s. 19Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Loen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Kyrkja er lite endra opp gjennom åra og ho er difor ei av dei som gjev ein best inntrykk av korleis det var i norske kyrkjer av denne typen på fyrste halvdel av attenhundretalet.
På kyrkjegarden ved kyrkja ligg dei som vart attfunne etter raskatastrofane som ramma dei inste bygdene ved Lovatnet i 1905 og 1936 gravlagde.Tveit, 1988, s. 7 Ved kyrkja står det minnesteinar med namna til dei omkomne i ulukkene, og inni kyrkja heng det ei minnetavle.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder
Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Loen kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff Om Loen kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen Om Loen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Eldre fotografi av kyrkja og frå kyrkjegarden på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Stryn kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Stryn Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1838 Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Stryn Kategori:Loen