Kurt Aust (psvd. for Kurt Østergaard) () er ein dansk forfattar og frilansskribent. Han er utdanna pedagog, og har vore busett i Noreg frå 1982 og skriv på norsk.«- Veien blir til mens jeg skriver». Gjengangeren. 5. desember 2015. s. 20. «- Det tror jeg ikke. Jeg vil nok fortsatt være en av de største Norges-entusiastene med dansk pass og statsborgerskap, smiler den blide jyde med et blikk som nå fylles av lune frikadeller.» Aust debuterte som forfattar i 1999.
Aust skriv historisk krim frå Danmark-Noreg kring byrjinga av 1700-talet. Hovudpersonar er professor Thomas af Boueberge ved Københavns Universitet og hans dr. Watson, den mindre geniale nordmannen Petter Hortten. Romanane har fleire handlingar. Det eine er kriminalsaka som dei skal løyse. Det andre er Petter Horten sin bakgrunn, som ikkje vert avslørt før enn langt ut i serien. Det er også andre hendingar, som går over fleire bøker. Eit anna grep som Kurt Aust bruker, er at Petter Hortten skriv ned desse fortellingane fleire tiår etter at hendingane skjedde. Han fortel til folk, på sine gamle dagar, om opplevingane i frå ungdomen då han var i teneste med professoren. Vredens dag har gått som høyrespel i Radioteateret med Nils Ole Oftebro som Thomas af Boueberge.
Verkliste Slaveskipet Fredensborg – teikneserie (1997) (Saman med Kin Wessel og Leif Salvesen) Vredens dag – kriminalroman (1999) Den tredje sannhet – kriminalroman (2001) Hjemsøkt. Nest etter Gud – kriminalroman (2003) Kongefrykt – kriminalroman (2004) De usynlige brødre – kriminalroman (2006) Kasper & Måns. Den store kaosdagen – barnebok (2006) (saman med Kin Wessel) De usynlige brødre – kriminalroman (2006) Løvøyspillet – historisk spel (2006) Kaos og Øyeblikkets renhet – roman (2008) Hevnens alkymi – kriminalroman (2009) Symboler & demoner : en guide til Dan Browns Det tapte symbol : fakta og fascinerende funn – (2009) Når døde hvisker – kriminalroman (2011) Stumme skrik – kriminalroman (2013) Dødt løp– kriminalroman (2015)
Skipet med det onde øye – kriminalroman (2017) Quiz og grøss – Sakprosa, quizbok saman med Tom Egeland (2018) Udyr – thriller, samen med Kin Wessel (2018) Hjertets mørke – kriminalroman (2020)
Prisar Aschehougs debutantstipend 1999, for Vredens dag Rivertonprisen 2003, for Hjemsøkt. Nest etter Gud Glassnøkkelen 2004, for Hjemsøkt. Nest etter Gud Mads Wiel Nygaards legat 2012 Vestfolds litteraturpris 2014
Referansar
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Kurt Aust hjå Nasjonalbiblioteket Utgjevingar av Kurt Aust i Biblioteksøk Utgjevingar av Kurt Aust i BIBSYS Ask
Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Forfattarar frå Vestfold Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Danske forfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Psevdonym Kategori:Vinnarar av Rivertonprisen Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1999 Kategori:Folk frå Ikast-Brande Kategori:Folk frå Horten Kategori:Vinnarar av Aschehougs debutantstipend Kategori:Vinnarar av Glassnøkkelen