Kuwait Petroleum Corporation (arabisk مؤسسة البترول الكويتية} er Kuwait sitt nasjonale oljeselskap, med hovudkontor i Kuwait by. Føretaket vart grunnlagt den 27. januar 1980 som eit paraplyselskap, og tok opp i seg føretaka KOC, KNPC, KOTC og PIC. Slik fekk dei kuwaitiske styremaktene kontroll over desse føretaka.
Produkta til selskapet vert vanlegvis seld med varemerket Q8. I Sverige er underselskapet KPI-Q8 sine bensinstasjonar kjend som OKQ8, etter ei samanslåing av Q8 og svenske OK.
Underselskap Kuwait Oil Company (KOC) Kuwait National Petroleum Company (KNPC) Petrochemicals Industries Company (PIC) Kuwait Oil Tanker Company (KOTC) Kuwait Aviation Fueling Company (KAFCO) Kuwait Foreign Petroleum Exploration Company (KUFPEC) Kuwait Petroleum International Limited (KPI - Q8) Santa Fe International Corporation (SFIC) Kuwait Gulf Oil Company (KGOC) Oil Sector Services Company K-Dow Petrochemicals
Bakgrunnsstoff
http://www.kpc.com.kw/
Kategori:Oljeselskap Kategori:Kuwait Kategori:Skipingar i 1980