Žljeb (serbisk Жљеб, Žljeb; albansk Mali i Zhlebit) er eit stort fjell nordvest i Kosovo og aust i Montenegro. Det er ein del av Prokletije, og ligg mellom fjella Hajla og Mokna. Nesten heile fjellet ligg i Kosovo. Kvite Drin spring ut frå fjellet. Žljeb dannar òg ein austleg del av Rugovakløfta. Fjellet når 2382 meter over havet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Žljeb» frå , den 16. februar 2009.
Kategori:Fjell i Kosovo Kategori:Fjell i Montenegro