«The Long and Winding Road» er ein ballade frå 1970 skriven av Paul McCartney (men tilskriven Lennon/McCartney) på albumet Let It Be av The Beatles. Han vart den siste førsteplassen til Beatles i USA,Joel Whitburn, '40 Top Hits'. Billboard Books, 2000. og den siste singelen dei gav ut før dei gav seg. Singelen vart berre gjeven ut i USA. B-sida på singelen var «For You Blue».

Sjølv om songen fekk stor suksess, likte ikkje McCartney etterproduksjonen til Phil Spector. Dette vart den siste dropen som fekk McCartney til å løyse opp The Beatles i retten. Ein av dei seks årsakene McCartney førte opp for å løyse opp bandet var handsaminga av «The Long and Winding Road».

Inspirasjon McCartney skreiv songen med han var på garden sin i Skottland, og var inspirert av den interne kranglinga i The Beatles.

McCartney spelte raskt inn ein demo av songen under innspelinga av The White Album.The Beatles Bible: The Long And Winding Road.

Songen har form som ein pianoballade med konvensjonelle akkordsekvensar. Tekstmessig er han ein trist og melankolsk song. Songen manglar eit tradisjonelt refreng og opningstemaet kjem fleire gonger i løpet av songen.

The Beatles spelte inn «The Long and Winding Road» den 26. og 31. januar 1969, dagen etter den legendariske tak-konserten deira, med McCartney på piano, John Lennon på bass, George Harrison på gitar, Ringo Starr på trommer og Billy Preston på hammondorgel.

Glyn Johns vart beden om å mikse Get Back-albumet, som seinare vart til Let It Be og valde ut den beste versjonen av songen.Lewisohn, Mark (1988). The Complete Beatles Recording Sessions. Hamlyn Publishing Group. ISBN 0-600-55784-7. Utgjevinga av albumet vart utsett og då The Beatles i staden for spelte inn Abbey Road seinare i 1969, vart Get Back skrinlagd. Phil Spector fekk så tidleg i 1970 i oppgåve å redde albumet, som no fekk tittelen Let It Be.

Spector gjorde fleire endringar med songen, mellom anna ved at han la på orkester og korsong. McCartney vart rasande då han først høyrde Spector si utgåve av songen, men klarte ikkje å stoppe utgjevinga av albumet for endre songen. Ni dagar etter Spector var ferdig med songen, annonserte McCartney at The Beatles var oppløyst.

Songen vart uansett ein suksess i USA og gjekk inn på singellista den 11. mai 1970. Han selde 1,2 millionar eksemplar på berre to dagar. 13. juni vart han den tjuande og siste Beatles-songen som hamna på toppen av denne singellista.

Medverkande I følgje Walter Everett:

The Beatles Paul McCartney – vokal, piano John Lennon – 6-strengs bass George Harrison – elektrisk gitar Ringo Starr – trommer

Andre musikarar Billy Preston – Fender Rhodes Ukjend orkester – 18 fiolinar, 4 bratsjar, 4 celloar, harpe, 3 trompetar, 3 trombonar, 2 gitarar, 14 kvinnelege stemmer Richard Hewson – orkesterarrangement John Barham – korarrangement

Salslister og salstrofé

Vekeslister Liste (1970)PlasseringAustralian Go-Set National Top 606Australske Kent Music Report7Canadian RPM 1001US Billboard Adult Contemporary2US Cash Box Top 1001Vest-Tyskland Musikmarkt26

Årslister Liste (1970)PlasseringKanadiske RPM Top Singles11US Cash BoxCash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 26. desember 197036US Billboard Hot 100«Top 100 Hits of 1970/Top 100 Songs of 1970», musicoutfitters.com (retrieved 12. juni 2016).41

Salstrofé

Andre utgåver Fleire andre artistar har gjeve ut sine utgåver av songen, mellom andre Suspicious Minds, Diana Ross, Kenny Rogers, Olivia Newton-John, Peter Frampton, Cher, Leo Sayer, Aretha Franklin, Billy Ocean, The Four Tops og Tom Jones.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Long and Winding Road» frå , den 12. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Brown, P. & Gaines, S. (1983). Love You Make, The : An Insider's Story of The Beatles. McGraw-Hill Book Company. Lewisohn, Mark (1996). The Complete Beatles Chronicle. Chancellor Press. ISBN 0-7607-0327-2.

Miles, Barry (1998). The Beatles: A Diary. Omnibus Press. ISBN 0-7119-6315-0.

Sulpy, Doug & Schweighhardt, Ray (2003). Get Back: The Beatles Let It Be Disaster. Helter Skelter Publishing. ISBN 1-900924-83-8.

Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Balladar frå 1970-åra Kategori:Singlar frå 2002 Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:The Beatles-songar Kategori:Will Young-songar Kategori:Gareth Gates-songar Kategori:Cissy Houston-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:Nancy Wilson-songar Kategori:Songar produserte av Phil Spector Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Apple Records-singlar Kategori:Rockeballadar Kategori:Popballadar Kategori:Songar om einsemd Kategori:Johnny Mathis-songar Kategori:The Corrs-songar Kategori:The Sandpipers-songar Kategori:Diana Ross-songar Kategori:Wayne Newton-songar Kategori:Peggy Lee-songar Kategori:Gladys Knight & The Pips-songar Kategori:Ray Charles-songar Kategori:Aretha Franklin-songar Kategori:Cilla Black-songar Kategori:Cher-songar Kategori:Kenny Rogers-songar Kategori:Olivia Newton-John-songar Kategori:Leo Sayer-songar Kategori:Wings-songar Kategori:Peter Frampton-songar Kategori:Sarah Vaughan-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Billy Ocean-songar Kategori:Richie Havens-songar Kategori:Laibach-songar Kategori:George Benson-songar Kategori:Amii Stewart-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:S Club 7-songar Kategori:Will Young-songar Kategori:Judy Collins-songar Kategori:Engelbert Humperdinck-songar Kategori:Barry Manilow-songar Kategori:Chris de Burgh-songar Kategori:Roberta Flack-songar Kategori:Yusuf Islam-songar Kategori:Donny Osmond-songar Kategori:Four Tops-songar