San Marino er eit land i Sør-Europa, ein enklave sentralt i Italia, som landet har ei 39 km lang landegrense mot. Han er det minste sjølvstendige staten i Europa etter Vatikanstaten og Monaco. San Marino er dominert av Apenninane. Landet har eit areal på 60,5 km². Det har eit fuktig subtropisk klima til maritimt klima med milde til kjølige vintrar og varme, solrike somrar. Med fjell i alle kantar er landet kjend for å utvinning av byggestein og berre 17 % av landet kan dyrkast. Fleire elvar renn gjennom landet og dei største av desse er Ausa, Marano og Rio San Marino.
Politisk geografi
San Marino er delt inn i ni castelli eller kommunar. Desse er:
Acquaviva Borgo Maggiore Chiesanuova Domagnano Faetano Fiorentino Montegiardino San Marino by (Città di San Marino), hovudstaden Serravalle
Miljø San Marino er delaktig i miljøavtalar som omfattar biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing og kvalfangst.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Geography of San Marino» frå , den 4. februar 2009.
Geografi Kategori:Geografi etter land