Bolkhov (russisk Болхов) er ein by i Orjol oblast i Russland med om lag 9 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Nugr, ei sideelv til Oka, rundt 50 km nord for Orjol.
Byen Bolkhov har eksistert sidan 1200-talet. Etter den mongolske invasjonen av Russland vart han sete for eit lokalt fyrstedynasti. På 1500-talet vart byen ein av festningane som forsvarte Moskva mot åtak frå tatarar frå sør. Det var her armeen til Vasilij IV tapte for Falske Dmitrij II i 1608.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Bolkhov» frå , den 4. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1200-talet