N (n) er den 14. bokstaven i det latinske alfabetet og den 13. bokstaven i det greske alfabetet (N ν). Bokstaven stammar frå fønikisk. Det semittiske namnet var nun, som vart omdanna av grekarane til ny. I den opphavlege biletskrifta var teiknet ein fisk. Romarane kalla bokstaven en. I det eldre runealfabetet han det 10. teiknet, medan han er det 8. teiknet i den y ngre rekka. Bokstaven syner til ein nasal lyd (naselyd).

N kan vise til kjemisk symbol for grunnstoffet nitrogen.

kan vera symbol for avogadros tal.

eit symbol for eininga Newton i SI-systemet og er definert som krafta som gjev ein masse på 1 kg ein akselerasjon på 1 m/s².

N, symbol for nøytrontal, dvs. talet på nøytron i ein atomkjerne.

i matematikken symbol for mengda av dei naturlege tala, det vil sei 1, 2, 3,...

symbol for talet på partiklar i eit system.

nasjonalitetskjennemerke for bilar frå Noreg

på tyske bilskilt: Nürnberg

n kan vise til symbol for SI-prefikset nano, som skreiv føre eit einingssymbol tyder at eininga skal multipliserast med 10-9, dvs. ein milliarddel.

n, symbol for brytingsindeks.

i atomfysikk symbol for hovudkvantetal

symbol for partikkeltettleik.

symbol for nøytron.

i grammatikken forkorting for nøytrum (inkjekjønn).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Det latinske alfabetet