Sudzja (russisk Суджа) er ein by i Kursk oblast i Russland med om lag 5 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sudzja, ei sideelv til Psel, rundt 90 km sørvest for Kursk.
Sudzja vart grunnlagd på 1600-talet som ein del av festningssystemet som forsvarte dei sørlege innfartsårene til Moskva. Han fekk byrettar i 1664.
Kjelder
Bakgrunnsstoff