Valdaj (russisk Валда́й) er ein by i Novgorod oblast i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg ved Valdajsjøen, rundt 140 km søraust for Novgorod.
Historie mini|venstre|Det gjenoppbygde Iverskijklosteret.
Busetnaden vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1495 og fekk status som by av Katarina II i 1770, då folketalet i byen var kring 2000. Byen vart det førande senteret for produksjon av klokker i Russland. Det kjende Iverskijklosteret (grunnlagd i 1653) og Uspenskijkatedralen (bygd i 1656) ligg på ei av øyane i Valdajsjøen.
Turisme Valdaj er eit populært turistmål og ligg i midt i nasjonalparken i Valdajhøgdene. Dei fleste turistane kjem til innsjøen og byen om sommaren. Valdaj har mange kvileheimar og sanatorium. Det finst mange campingplassar rundt innsjøen.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Valdaj» frå , den 3. februar 2009.
Bakgrunnsstoff