mini|portrett=0.2|høgre|Staven til Asklepios er eit vestleg symbol for legevitskapen Medisin er vitskapen og praksisen knytt til helsebot, som å stilla diagnose, gje prognose, førebyggja, lindra eller lækja sjukdom og skader og lindring av smerte. Ordet «medisin» kan også visa direkte til lækjemiddel eller medikament.
Retningar innan medisinsk kunnskap Det finst ei rekkje ulike tradisjonar for helsebehandling. Denne artikkelen omtalar medisin som vitskap, den læra som også vert kalla skolemedisin i den hippokratiske tradisjonen. Medisin har to aspekt: både som eit fagfelt (ein vitskap) og nytting av denne kunnskapen (medisinske yrke som til dømes lækjar eller kirurg). Evidensbasert medisin (EBM) er eit forsøk på å knytte saman desse to aspekta gjennom å bruke vitskapelege metodar og teknikkar.
Det finst velutvikla behandlingssystem i andre delar av verda, som til dømes tradisjonell kinesisk medisin (TKM) og ayurvedisk medisin som opphavleg kjem frå India. Andre tilnærmingar finst i naturmedisin, tradisjonsmedisin eller folkemedisin. Ulike tradisjonar blir nytta i såkalla alternativ medisin, som ikkje er evidensbasert.
Medisinsk vitskap og medisinske yrke mini|Influensavirus er interessante for fleire greiner av legevitskapen. Utøvinga av eit moderne helsevesen er avhengig av ei aukande gruppe av høgt utdanna fagfolk som må jobbe saman. Lækjarar har mange spesialiseringar og underspesialiseringar som vert lista opp lenger nede i denne artikkelen. Odontologi (tannhelsevitskap) og psykologi vert sett på som separate disipliner frå medisinen, men er ofte sett på som medisinske fagfelt etter ein breiare definisjon av ordet. Yrkesutøvarar som sjukepleiarar og jordmødrer behandlar også pasientar og skriv ut medikament i enkelte land. I Noreg kan blant anna tannlækjarar skrive ut antibiotika og svakare smertestillande middel. Det moderne helsevesenet er avhengig av mange yrkesgrupper, blant dei sjukepleiarar, laborantar, farmasøytar, fysioterapeutar, logopedar, ernæringsfysiologar og bioingeniørar.
Grunnlaget for vitskapen for den menneskelege medisinen overlappar veterinærmedisinen.
Grunnleggjande, supplerande og relaterte vitskapar Anatomi er studiet av den fysiske strukturen til organismar. I motsetning til den makroskopiske anatomien, er cytologi og histologi meir opptatt av mikroskopiske strukturar. Biokjemi er studiet av dei kjemiske prosessane i levande organismar, især strukturen og verknaden av deira kjemiske komponentar. Bioetikk er eit felt som er opptatt av forholda mellom biologi, vitskap, medisin og etikk, filosofi og teologi. Biostatistikk er i sin vidaste tyding brukt om statistikk i biologiske fagfelt. Kunnskap i biostatistikk er essensielt i planlegginga, evalueringa og tolkinga av medisinsk forsking. Det er også grunnleggjande i epidemiologien og evidensbasert medisin. Cytologi er det mikroskopiske studiet av individuelle celler. Embryologi er studiet av den tidlege utviklinga av organismar. Human embryologi handlar om utviklinga av fosteret frå kjønnsceller til fødsel. Epidemiologi er studiet av demografien (utbreiinga) av sjukdomsprosessar og inkluderer, men er ikkje avgrensa til, studiet av epidemiar. Farmakologi er studia av medikament og verknaden deira. Fysiologi er studiet av den normalt fungerande kroppen. Genetikk er studiet av genar, og rolla deira i biologisk arv. Histologi er studiet av strukturar i biologisk vev med lysmikroskop, elektronmikroskop og histokjemi. Immunologi er studiet av immunsystemet, som inkluderer både det medfødde og erverva immunsystemet i mennesket. Mikrobiologi er studiet av mikroorganismar, inkludert protozoa, bakteriar, sopp (fungi) og virus. Nevrovitskap er eit samla omgrep på dei vitskapelege disiplinane som er knytte til studiet av nervesystemet. Eit hovudfokus ved nevrovitskap er biologien og fysiologien til den menneskelege hjernen. Patologi er studiet av sjukdommar – årsakene, utviklinga, forløpet og resultatet/etterverknadene. Toksikologi er studiet av skadeverknadene frå medikament og forgiftingar.
Diagnostikk mini|MRI-bilete av ein menneskehjerne. Kliniske laboratorievitskapar er dei kliniske diagnostiske tenestene som bruker laboratorieteknikkar til diagnostisering og behandling av pasientar. Dei fleste av desse tenestene er leia av lækjarar. Det er som regel teknisk personale som utfører sjølve testane, medan lækjarane deltar i analyse av prøvesvara før resultata sendast til rekvirenten. Blodbank eller transfusjonsmedisin er opptatt av blodoverføringar og blodkomponentar. Cellulær patologi handlar om diagnostisering ved bruk av prøver frå vev og celler til pasienten (biopsi) ved å nytte histologiske eller cytologiske metodar. Klinisk kjemi er opptatt av å diagnostisere ved hjelp av biokjemiske analysar av blodet, kroppsvæsker og vev. Hematologi vedrører diagnostisering ved å sjå på endringar i den cellulære samansetjinga av blod og beinmarg så vel som koagulasjonssystemet til blodet. Klinisk mikrobiologi går på in vitro-diagnostisering av sjukdommar forårsaka av bakteriar, virus, sopp og parasittar. Klinisk immunologi handlar om forstyrring av immunsystemet og er relatert til kroppen sine forsvarsmekanismar. Det omhandlar også diagnostisering av allergi. Klinisk nevrofysiologi er eit laboratoriefag der ein arbeider med diagnostikk av sjukdommar i nervesystemet og i musklar; vesentleg med elektrofysiologiske metoder. Radiologi omhandlar bilettaking av menneskekroppen, til dømes røntgen, ultralyd, CT og MR. Intervensjonsradiologi er bruk av avbilding av menneskekroppen – vanlegvis frå CT, ultralyd eller fluoroskopi - til å gjere biopsiar, plassere enkelte tubar og utføre intravaskulære prosedyrar.
Nukleær medisin bruker radioaktive substansar for in vivo og in vitro-diagnostisering ved enten å avbilde lokaliseringa av radioaktive substansar administrert til pasienten, eller ved å bruke in vitro-diagnostiske testar som nyttiggjer seg av radioaktive substansar.
Disiplinar i klinisk medisin Anestesiologi er den kliniske disiplinen som handlar om å gje anestesi (bedøving/smertestillande) så vel som forskingsfeltet assosiert med det. Dermatologi innbefattar hud og hudsjukdommar. Herunder går også kjønnssjukdommar. Akuttmedisin går på diagnose og behandling av akutte og ofte livstruande tilstandar, inkludert traume, kirurgiske, medisinske, pediatriske og psykiatriske nødstilfelle. Allmennmedisin er eit omgrep på fagfeltet til fastlækjaren i allmennpraksis. Feltet går inn på dei fleste sjukdommar som lækjaren møter i allmennpraksis og behandlinga av desse. Intensivmedisin omhandlar behandling av pasientar med seriøse og livstrugande sjukdommar eller skader. Intensivmedisin tar i bruk invasive diagnostiske teknikkar og (mellombels) utbytting av organfunksjonar ved nytting av tekniske hjelpemiddel. Indremedisin omhandlar sjukdommar i dei indre organa og systemiske sjukdommar (sjukdommar som påverker heile kroppen). Det er fleire underspesialitetar i indremedisin: Kardiologi går på hjartet og det kardiovaskulære systemet (hjarte-blodomløpet) og tilhøyrande sjukdommar. Klinisk farmakologi er opptatt av korleis behandlingformer samverkar med pasientar. Gastroenterologi omhandlar fordøyelsessystemet, organ i dette systemet og sjukdommar i desse. Endokrinologi omhandlar det endokrine systemet, det vil seie endokrine (hormonproduserande) kjertlar og hormon. Haematologi eller hematologi handlar om blod og blodsjukdommar. Infeksjonsmedisin går på studiet av, diagnostiseringa og behandlinga av infeksiøse sjukdommar. Nefrologi omhandlar nyresjukdommar. Onkologi er fagfeltet som studerer, diagnostiserer og behandlar kreft og andre maligne (vondarta) sjukdommar. Pulmonologi går på lungesjukdommar og respirasjonssystemet som heilskap. Revmatologi omhandlar diagnostisering og behandling av revmatiske sjukdomar. Nevrologi er opptatt av diagnostisering og behandling av sjukdommar i nervesystemet. Obstetrikk og gynekologi (OB/GYN) omhandlar høvesvis barnefødslar og dei reproduktive og assosierte organa til kvinna. Pediatri er eit fagfelt som omfattar behandling av spedbarn og barn og sjukdommar hos desse. Fysikalsk medisin og rehabilitering tek for seg funksjonell forbetring etter skade, sjukdom eller medfødde abnormalitetar. Preventiv medisin Arbeidsmedisin Offentleg helsevesen Psykiatri er ei grein i medisinen som studerer og behandlar mentale og emosjonelle forstyrringar. Psykoterapi - Klinisk psykologi Stråleterapi går på terapeutisk bruk av ioniserande stråling og høgenergi-elementærpartikkelstrålar i behandling av pasientar.
mini|Bilete av retinaen i eit auge. Kirurgiske spesialitetar Det er mange medisinske disipliner som nyttar seg av operativ behandling. Somme av desse er svært spesialiserte og blir ofte ikkje sett på som underdisiplinar av kirurgi, sjølv om namnet skulle tilseie det. Generell kirurgi er kirurgi på huda med bestanddelar, og no også generell abdominell (i mageregionen) kirurgi og diverse andre kirurgiske prosedyrar. Kardiovaskulær kirurgi er den kirurgiske spesialiteten som omhandlar hjartet og dei store blodårene i brystet. Karkirurgi er kirurgi av blodårer, vanlegvis utanfor brystkassen. Nevrokirurgi omhandlar den operative behandlinga av sjukdommar i nervesystemet. Oralkirurgi er eigentleg ein subspesialitet i odontologi, og går på kirurgi i munnregionen. Oftalmologi går på augesjukdommar og behandlinga av desse. Ortopedi går på muskel-skjelettproblem. Øyre-nase-hals-medisin (gresk othorhinolaryngologia). Pediatrisk kirurgi Plastikkirurgi inkluderer estetisk kirurgi (operasjonar som vert gjort for anna enn medisinske formål) så vel som rekonstruktiv kirurgi (operasjonar for å få tilbake funksjon og/eller utsjånad etter traumeskader eller operative feilgrep) eller retting på medfødde defektar. Thoraxkirurgi er kirurgi i brystet, vanlegvis relatert til lungesjukdommar. Urologi fokuserer på urinvegen hos kvinner og menn og reproduksjonssystemet hjå mannen.
Medisinsk utdanning Medisinsk legeutdanning er rekna som ein langt og krevjande studium. I Noreg tek det 6 år med universitetsutdaning (ofte utvida med ein valtermin på 0,5 år) og 1,5 år med turnusteneste. Ein kan studere medisin ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim (NTNU) og Tromsø. Poengkravet er svært høgt samanlikna med mange andre studium. I nokre land, som til dømes USA, må ein først ta ein lågare grad før ein kan søkje seg inn på sjølve embetsstudiet. Etter fullført universitetsutdaning skal ein ut i turnusteneste, som er løna og består av eit år ved eit sjukehus og eit halvt år i allmennpraksis. Medisinstudentane vert titulerte stud.med.
I Noreg gjev embetsstudiet graden cand.med. (candidatus/candidata medicinae). I USA får ein graden (forkorta M.D.), i Tyskland er det vanleg å avslutte med den lågare profesjonsdoktorgraden (Dr. Med.), medan i andre land som Storbritannia bruker ein omgrepet (forkorta M.B.B.S. eller M.B.B.Ch.). Medisinstudiet er korkje formelt eller prinsipielt eit master-studium, sidan det ikkje involverer eit større, uavhengig arbeid; ein skal til gjengjeld skrive ei særoppgåve.
Etter fullført turnus, kan ein i Noreg ta jobb i allmennpraksis eller ein kan ta jobb som assistentlege på eit sjukehus. Ein kan då også gå over til å spesialisere seg, noko som kvalifiserer til overlegestilling. Ein kan også utdanne seg i ei akademisk retning ved å ta ein doktorgrad. Mange legar vel å gjere begge delar (over tid).
Juridiske restriksjonar I dei fleste land er det forbode å praktisere medisin utan korrekt utdanning i det fagfeltet, og lækjarar må ha autorisasjon for å utøve yrket sitt. I Noreg er det Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som vurderer om lækjarar har opptredd uaktsamt og bør miste lisensen sin.
Medisinske institusjonar Sjukehus Pleieheim
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vitskapar