Krasnoje Selo (russisk Кра́сное Село́, tyder 'vakker landsby') er ein by i Sankt Petersburg i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 25 km sørvest for sentrum av St. Petersburg.
Krasnoje Selo vart grunnlagd tidleg på 1700-talet som ein landsby sør for St. Petersburg. I 1764 hadde landsbyen ein papirfabrikk, som låg ved vegen til St. Petersburg. På 1800-talet utvikla Krasnoje Selo seg til å verte ein rekreasjonsforstad til hovudstaden, med mange datsjaer og villaer, mellom anna tsarene sine sommarresidensar. I 1884 testa den kjende flykonstruktøren Aleksander Mozjajskij sitt tidlege monoplan der og oppnådde eit motorassistert take off eller «hopp» på 60 – 100 meter.
Krasnoje Selo fekk bystatus i 1925 og vart i 1973 lagt inn under byen Leningrad sitt styre.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Krasnoje Selo» frå , den 1. februar 2009. History of Krasnoje Selo
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1700-talet