Medvezjegorsk (russisk Медвежьегорск, finsk Karhumäki; tidlegare kjend som Medvezja Gora, russisk: Медве́жья Гора́), er ein by i republikken Karelia i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Medvezjegorsk ligg ved Murmansk-jernbanen, ved nordenden av Onega. Kvitsjøkanalen går forbi byen, som ligg 80 moh.

Det har vore ein landsby på staden sidan 1600-talet, men han fekk ikkje bystatus før 1938. I 1916 vart han kjend på russisk som Medvezja Gora (tyder 'Bjørnefjell'). Byen fekk det noverande namnet i 1938. Folkesetnaden voks frå 15 800 i 1959 til 28 300 i 1996, men har falla sidan den gong.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Medvezjegorsk» frå , den 31. januar 2009.

Bakgrunnsstoff