Solvytsjegodsk (russisk Сольвычегодск, tyder «Salt på Vytsjegda-elva») er ein by i den sørlege delen av Arkhangelsk oblast i Russland med om lag 2 000 innbyggjarar. Byen ligg på høgre breidda av elva Vytsjegda, rundt 25 km nordaust for Kotlas.

Solvytsjegodsk vart grunnlagd på 1300-talet ved breidda av Soljanojesjøen. Byen vart kalla Usolsk på 1400-talet. Han var frå tidleg på 1500-talet heimstad for Stroganov-familien som pleidde å eige det lokale saltverket. På 1500- og 1600-talet var Solvytsjegodsk eit stort, kommersielt senter for handverk og kultur i det nordlege Russland og var særskild kjend for emaljeindustrien. Byen var òg kjend som ein stad for politisk eksil. I 1796 vart byen ein del av Vologda gubernija. I 1937 vart Solvytsjegodsk overført til Arkhangelsk oblast.

Byen er heimstad for mange balneologiske kurstader, som nyttar mineralkjelder og siltmudder frå Soljanojesjøen.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Solvytsjegodsk» frå , den 28. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde på 1300-talet