Kaljazin (russisk Каля́зин) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, 125 km aust-nordaust for Tver.

Kaljazin er først nemnt på 1100-talet som ein sloboda, eller busetnad for personar som var fritekne frå å betale skatt. Byen vart viktigare då Makarjevskij-klosteret vart grunnlagd på motsett side av Volga på 1400-talet. Dette klosteret var det mest merkverdige landemerket i Kaljazin og bestod av mange bygningar av historisk interesse, mellom anna eit refektorium frå 1525.

I 1940 vart klosteret og storparten av den gamle bydelen sett under vatn då Uglitsj-reservoaret vart bygt. Byen vart etter det i praksis flytta til ein ny og høgareliggande stad.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Kaljazin» frå , den 25. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar ved Volga