Revda (russisk Ревда́) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg 40 km vest for Jekaterinburg og berre 10 km sør for Pervouralsk.
Historie Busetnaden Revda oppstod i 1731 i samband med opprettinga av eit jernverk. Som offisielt grunnleggingsår reknar ein 1734, då verket starta opp produksjonen. Byen fekk bystatus i 1935.
Næringsliv I Revda ligg det største koparverk i Ural. Det har vore i drift sidan 1940 og handsamar malm frå Degtjarsk, 15 km søraust for Revda. I tillegg finst det verksemder innan metallhandsaming og kjemisk industri, samt innan byggings- og treindustri.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Revda (Sverdlovsk oblast)» frå , den 17. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1734