Aleksandrov (russisk Алекса́ндров) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg rundt rundt 110 km nordvest for Vladimir og 100 km nordaust for Moskva.
Byen er ein del av byane i turistruta Den gylne sirkelen i Russland med historiske attraksjonar.
Historie Busetnaden vart grunnlagt på 1300-talet og fekk bystatus i 1778.
På byrjinga av 1500-talet bygde Fyrst Vasilij III eit lite jaktslott om til fyrsteresidens. Aleksandrov var den fungerande hovudstaden i Russland i tre månader (desember 1564 til februar 1565) under Tsar Ivan den grufulle, til han gjekk med på å returnere hoffet sitt og relikviane frå Moskva som han hadde teke med seg. Ivan gjekk med på å returnere etter at kyrkja gav han løyve til å grunnlegge opritsjnina. Aleksandrov har òg seinare vore mellombels opphaldsstad for tsarane.
Palasskomplekset i Aleksandrovskaja Sloboda, med talrike kyrkjer som Treeiningskyrkja, Himmelfartskyrkja og Krosskyrkja, er i dag attraksjonar. Det inneheld òg talrike gjenstandar knytt til Ivan den grufulle, mellom anna elfenbeinstrona hans. Anlegget er i dag eit nonnekloster.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aleksandrov (by)» frå , den 17. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1300-talet Kategori:Den gylne sirkelen i Russland