Jegorjevsk (russisk Его́рьевск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Guslitsa, ei sideelv til Nerskaja, 114 km søraust for Moskva. mini|venstre|Aleksander Nevskij-kyrkja i Jegorjevsk Han vart første gong nemnd i 1462 som landsbyen Vysokoje (russisk Высо́кое). Bystatus vart innvilga i 1778. Byen har mange historiske bygningar frå 1700- og 1800-talet og eit museum med både kunst og gjenstandar frå dagleg liv i tidlegare hundreår.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jegorjevsk» frå , den 17. januar 2009.
Bakgrunnsstoff